Samvitet og politikk

«Når den kristne samvittigheten trekkes mot MDG», slik lyder ei overskrift i Dagen. Det dreier seg om to som tidlegare har røysta KrF, men no vurderer å røysta på MDG ut frå det som er rapportert om klimakrisa og korleis dei ulike partia stiller seg til den utfordringa.

Eg skal ikkje kommentera KrF og MDG sin miljøpolitikk, eller andre sider ved partia sin politikk, og slik sett gje råd om kva røysteseddel ein bør bruka. Derimot vil eg nytta dette som utgangspunkt for nokre refleksjonar om samvitet, særleg opp mot politikk og samfunnsspørsmål.

Samvitet er eit svært viktig organ i mennesket sin personlegdom (Rom 2.14f). Derfor skal vi alltid ha stor respekt for folk si samvitsovertyding og samvitsforplikting. Samvitsfridomen er fundamental. Samstundes må vi vera klar over at samvitet ikkje er ein ufeilbarleg instans, eller alltid leier oss til det rette. Det samvitet overtyder oss om, må vi likevel fylgja, elles undergrev vi vår eigen personlegdom og integritet. Det er aldri tilrådeleg å handla mot samvitet sitt.

Samvitet er primært ein domstol, ikkje ein lovgjevar. Ein domstol dømer etter dei lovene som gjeld, og då må domstolen vera godt og rett opplyst om desse. Sit domstolen med feil opplysningar om dei aktuelle lovene, eller dersom domstolen feiltolkar desse, vert resultatet feil. Slik er det også med samvitet. Dette er også grunnen til at folk, inkludert kristne, kan koma til ulik samvitsovertyding i ei sak, dei legg ulik kunnskap eller lovgjeving til grunn for samvitet sin konklusjon. Dette viser kor viktig det er at samvitet er rett opplyst for at samvitsreaksjonen og samvitsforpliktinga skal vera rett.

Samfunnsspørsmål og politikk er innanfor det vi i teologien omtalar som det verdslege regimentet, og her gjeld primært fornufta, og difor er det sjeldan at samfunnsspørsmål er å rekna som samvitsspørsmål kristent sett. Det er i det åndelege regimentet at Guds ord gjeld, og då vert samvitet bunde. Rett nok er det også nokre samfunnsspørsmål som er av så klart etisk karakter at det er Guds ords rettleiing som forpliktar også her. Det gjeld spørsmål som livsrett og menneskeverd, samliv og ekteskap. Så vil det vera nokre gråsoner der ein er usamd om i kor stod grad Guds ord rettleier og forpliktar, det kan gjelda forvaltningsspørsmål og forholdet til naturen. Då vil ein oppleva det ulikt med tanke på samvitet. Ved skapinga fekk mennesket eit kultur- og forvaltaroppdrag, og det starta med å dyrka og vakta Edens hage, men det vart ikkje konkretisert korleis det skulle gjerast.

I politikk og samfunnsspørsmål bør vi vera varsame med å gjera standpunkt til samvitspørsmål, nettopp fordi det i stor grad baserer seg på fornufta. Då kan det vera stor grad av usemje og overtyding, utan at det er eit samvitspørsmål. Det er ei skjønnssak kva som er rett, altså er det ikkje openberra i Guds ord. Vi har ein tendens til å definera sterke meiningar og overtydingar som ei samvitsak, men så hender det at vi ut frå meir opplysning og gjennomtenking skifter standpunkt.

Forholdet mellom samvitet og det at folk er «seg sjølv ei lov» og at den gjerninga lova byd er «skriven i hjarta», er eit stort og krevjande spørsmål, som eg ikkje skal gå inn på, ut over å påpeika at det viser det er mogleg å forplikta mennesket på lova, seg sjølv og samvitet. I den kristne forkynninga er det avgjerande at Ordet når inn til samvitet, slik at Guds ord kan få binda samvitet i erkjenning av synd og skuld overfor Gud, og evangeliet kan få setja samvitet fritt ved tilgjevinga og nåden i Kristus. I politikken, derimot, skal vi vera varsame med å binda andre sitt samvit. Der skal vi i all hovudsak argumentera ut frå fornufta, samstundes som dei etiske spørsmåla i samfunnet som er avklarte i Bibelen, må få stor vekt.

Johannes Kleppa