22. juli og mørkets krefter

Det har vore ei omfattande markering av 10-årsdagen for terroren mot regjeringsbygget og på Utøya, og godt er det. Mange har halde talar, og mange kloke ord er sagt. Mange har også fortalt om sine opplevingar denne dagen eller om korleis tida etterpå har vore, og det har gjort sterkt inntrykk.

I dei politiske talane har det vore ein gjengangar at no er tida inne til å ta oppgjer med dei haldningane som ligg bak eller fører til terrorhandlingar av ulike typar. Det er særleg fokusert på oppgjer med den høgreorienterte terroren. Det var ei form for slik ekstremisme som kom til uttrykk 22. juli. Det har vorte sagt at ein må ta oppgjer med hat og hatretorikk, og i det heile ytringar som kan føra til det. Dette er både rett og viktig, men når dette skal konkretiserast, vert det heile lett noko svevande. Faren er at ein kan koma i skade for å føra mange slags typar usemje inn under nemninga hat og hatytringar. Det er viktig å ta vare på ytringsfridommen, men denne må samstundes brukast etisk rett.

Det har også vorte peika på at ein må vera på vakt mot alle typar ekstremisme, og ein må hindre at folk – særleg unge – vert radikaliserte i det skjulte. Også dette er viktig, men ein bevegar seg lett på overflata ved å tala om demokrati og opne forhold som motvekt.

Ulike typar radikalisme og ekstremisme vert også haldne saman som likeverdige, sjølv om det i røynda er stor forskjell på dei. For den som vert ramma, er det sjølvsagt likegyldig om det dreier seg om høgreekstremisme eller islamistisk ekstremisme, eller om det kjem frå ein einskildperson eller frå ei organisert gruppe eller ein internasjonal organisasjon. For samfunnet er det derimot stor forskjell.  

Terroren 22. juli kom frå ein person, og var med det lett å nedkjempa. Hadde det kome frå ein organisasjon med grupper fleire stader, ville det vore mykje vanskelegare, for ikkje å snakka om det var eit internasjonalt nettverk som stod bak. Vedkomande terrorist viste til kristne verdiar, men det finst ingen teolog eller kristenleiar som vil forsvara terror ut frå Bibelen. Derimot finst det mange imamar og islamsk lærde som vil forsvara og oppmuntra til terror og heilag krig ut frå Koranen og i Allahs namn. Det gjer radikal islam så slagkraftig og vanskeleg å bekjempa.

Eg høyrde ikkje alt som vart sagt i talar og reportasjar ved 10-årsmerkering, men i det eg høyrde, var ikkje ordet vondskap nemnt, og ut frå evolusjonstenking, naturalisme og dagens humanetikk, er det også vanskeleg – for ikkje å seia umogleg – å snakka om vondskap. Det gjer at ein ikkje tek problemet ved rota. Det er vondskap som kjem til uttrykk i terrorismen. Ordet synd eller syndefall var heller ikkje nemnt. Det ville vore svært politisk ukorrekt. Då får ein ikkje med seg kor vondskapen stammar frå. Heller ikkje djevelen var nemnt i denne samanhengen, og med det får ein ikkje med kva åndskrefter som er i funksjon. Om det noko gonger er rett å tala om at noko er djevelsk når det gjeld handlingar her på jorda, må det vera terrorhandlingar av den typen som skjedde 22. juli.

Det var eitt unnatak frå det eg her påpeikar som manglar i analysen og forståinga av 22. juli, og det var ikkje uventa kong Harald. Han definerte det som «mørkets krefter». Det er treffande sagt, og det fører ut over det overflatiske og politisk korrekte, og inn i det som gjeld åndskrefter som her er i sving. Politikarar, media og alle andre som vil arbeida for «aldri meir 22. juli», bør merka seg Kongens ord, og spørja seg kva «mørkets krefter» er, og korleis ein skal avsløra og nedkjempa dei.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock