Barnet i mors mage 22 veker gamalt

Det har nokså uventa oppstått ein ny debatt om abortlova, og då med anna engasjement enn mange hadde venta. Det at SV gjorde vedtak om å fjerna abortnemndene heilt, og med det i realiteten opna for fri abort også frå veke 12 til veke 22, har skapt reaksjonar som partiet nok ikkje hadde tenkt. Det er faktisk slik at ein god del har meldt seg ut av SV av denne grunn, samstundes som andre forsvarar vedtaket heilt og fullt.

Det engasjementet og den debatten som har oppstått, er det grunn til å helsa velkomen. Frå ei side sett er det naturleg at det vert reist spørsmål og debatt rundt eit vedtak som fører til at fosteret kan fjernast, altså drepast, på eit så seint tidspunkt at det kanskje kunne vore berga ved fødsel og intensiv behandling. Frå ei anna side sett er det merkeleg at abort ved veke 22 skaper sterke reaksjonar, med abort ved veke 18 er heilt greit. Det er jo same barnet det dreier seg om, om ein ventar med aborten til veke 22. Resultatet for barnet er det same.

Forsalget om abort til veke 22 er så radikalt at det synest ikkje å få fleirtal, men det kan forslaget om å utvida fri abort til veke 18, få. Det er merkeleg at dei som er sterkt mot å utvida til veke 22, ikkje ser at det for fosteret i mors mage er eitt og det same om det vert teke av dage i veke 18 eller 22, eller same kva veke det måtte vera. Eg la merke til at AP-leiar Jonas Gahr Støre i sin argumentasjon mot fri abort til veke 22, omtalte fosteret som «barnet i mors mage», men det er altså det same barnet i veke 18.

Grunnen til reaksjonane mot friabort til veke 22 er ikkje av prinsipiell karakter ut frå fosterets livsrett og menneskeverd, men ut frå kjensler, det synlege og det faktum at barnet då er heilt på grensa til å kunna overleva ved fødsel. Frå fagleg hald er det også påpeika at fastsetjinga av graviditetstidspunktet kan ha ein feilmargin på pluss/minus to veker i forhold til det reelle tidspunktet. Det betyr at eit foster som er fastsett til å vera i veke 22, kan vera frå veke 20 til veke 24 – og då kan det vera livsdyktig. Bilete av «morsmagar» i veke 22 i svangerskapet viser så store magar at dei tydleg vitnar om at her inne er det eit lite barn på omtrent 30 centimeter.

Det er altså mange grunnar til å reisa spørsmål og kritikk til dei som seier nei til fri abort fram til veke 22, men som gjerne forsvarar til fram til veke 18 eller eit anna veketal. Sett frå eit prinsipielt synspunkt er det eitt og det same, og barnet får ikkje leva opp uansett. Vi får likevel vera glade og takksame for at nokre reagerer, fordi det vitnar om at når fosteret er på grensa mellom liv og død ved abort eller fødsel, vel dei livet. Dei innser at det dreier seg om eit barn i mors mage, og dei vil ikkje ta livet av det – om det kan leva ved fødsel. Det positive som slik skjer, får vi nytta til å løfta fram fosterets menneskeverd og livsrett generelt.

Eg skal ikkje leggja meg opp i Kristeleg Folkeparti sitt vegval, deira partiprogram og deira valkamp generelt, men eg vil likevel gje uttrykk for eit håp om at partiet, som er det einaste reelle livsvernpartiet på stortinget no, vil nytta denne sjansen til å setja fosterets livsrett og menneskeverd tydeleg på dagsordenen i valkampen. For kristenfolket må menneskets livsrett og menneskeverd vera hovudsaka i samfunnsengasjementet – anten mennesket er ufødt eller født. Utan liv eksisterer ingen andre rettar eller oppgåver, og livet er Guds gåve.

Johannes Kleppa

Foto: Adobe Stock, foster 18 veker