Kyrkjelydar i brennpunktet

NRK har laga nokre såkalla dokumentarar om det dei kallar «lukka» kyrkjelydar. Eg skal her ikkje gå inn og vurdera desse konkret, men eg vil gje nokre generelle og prinsipielle kommentarar til ettertanke.

Når vi ser slike dokumentarar på tv, verkar dei ofte overveldande og sterke. Programma framstår som faktabaserte, og har ofte ei dramatisk form. Dei verkar overtydande, og vi får lett sympati med dei kritiske røystene, altså dei som kjem med kritikk av kyrkjelyden. Temaet for slike dokumentarar er ofte økonomisk utnytting på eit eller anna vis, undertrykking av folk sine meiningar med det manipulering og hjernevasking, samt sosial kontroll – særleg av born. Fakta og det som berre heng i lufta, går ofte i spann.

Problemet for oss som sjåarar er at vi nesten aldri har bakgrunnskunnskap til å vurdera det som vert sagt i dokumentaren. Vi er overletne til den framstillinga vi får der. Av denne grunn bør vi vera varsame med å dra raske og sikre konklusjonar ut frå det vi vert presenterte for. Det vil alltid vera røyster frå det indre miljøet som forsvarar kyrkjelyden. Desse røystene skal vi ikkje overhøyra, men til tider vil utaforståande sine vurderingar vega tyngre. Professor Ola Grytten har som økonomisk fagperson og med inngåande kjennskap til økonomiske forhold i Smiths Venner, sterkt kritisert framstillinga i NRK-dokumentaren om økonomien i denne kyrkjelyden. Det bør vera til generell ettertanke.

Det er nesten som eit ritual at etter slike dokumentarar kjem politikarar og ulike forståsegpåarar med krav om gransking og tilbaketrekking av offentlege tilskot. Barnevernet vert engasjert på generelt grunnlag, trass i domfellingar i den internasjonale domstolen. Det vert stilt krav om at det som vert lært og forkynt, må kontrollerast. Det vert sette grenser for kva som er akseptabelt i dagens samfunn, og lovgjevinga vert tilpassa det politisk korrekte.

Dette er ofte av så generell karakter, at det kan og vil ramma langt vidare enn dei kyrkjelydane som har vore i brennpunktet. Det å hevda at ein vil leva etter dei ti boda og oppseda borna til det same, vert sett på som ekstremt og sosialt kontrollerande. Å hevda klassisk kristne standpunkt når det gjeld frelse og fortaping, ekteskap og samliv, vert også oppfatta som ekstremt og diskriminerande. Då er ikkje vegen lang for at det jamne arbeidet på bedehuset, i frikyrkjene og ved kristne skular vert ramma.

Dersom staten skal gå inn som kontrollør i kristne kyrkjelydar, må han også gjera det i muslimske, i hinduistiske, i humanetiske samanhengar og i alle andre religiøse og livssynsmessige miljø. Då skal styresmakta få mykje å gjera, og då er vi komne inn i eit kontrollsamfunn der folk sitt samvit vert overkjørt. Poenget er at dette ikkje er ei oppgåve for staten. Styresmakta går ut over sitt mandat om ein tek på seg ein slik funksjon.

Det er ikkje tvil om at det i alle religiøse og livssynsmessige samanhengar er spørsmål om kva som er sunt og usunt, positivt og negativt – eller bibelsk og ubibelsk. Det bør kontinuerleg drøftast, og difor må det vera opna forhold i alle slike samanhengar. Dette er likevel noko anna enn om noko er kriminelt. Det er det siste staten har noko med å gjera. Her er det viktige grenser for staten, men styresmakta er alltid freista til å gå ut over sitt mandat og inn på samvitet sitt område. Såkalte dokumentarar vil lett forsterka denne freistinga.

Johannes Kleppa