Det er knapt noko bibelord fleire har lært utanåt enn Joh 3,16. Det er så sentralt i sitt innhald at det har fått namnet «Den vesle bibelen». Her møter ein Guds kjærleik og Guds Son, frelse og fortaping – og tru. Desse elementa er sette i det rette forholdet til kvarandre. Guds kjærleik er til frelse frå fortaping ved trua på Jesus, Guds Son.
I det siste har eg til tider tenkt på at det er relativt sjeldan eg no høyrer dette bibelverset sitert. Det var ein gjengangar på vitnemøte og i andre samanhengar før. Det var uttrykk for hjarteslaget i trua, og det ein gjerne ville formidla til andre. Det seier noko om orienteringa og vektlegginga i kristentrua når dette sentralordet kjem i bakgrunnen.
Joh 3,16 skal etter liturgien lesast i starten av gravferder i Den norske kyrkja (Dnk). No viser det seg at fleire prestar ikkje held seg til liturgien, men kuttar ut dette bibelverset. Dei lagar seg då ein privatversjon av den godkjente liturgien, som dei er forplikta på. Det gjeld også til tider Oslo biskop, og ho vil ha «Den vesle Bibelen» bort frå gravferdsliturgien. Det er bodskapen om tru for ikkje å gå fortapt, som er «problemet». Når ein av teologiske grunnar vil ha bort dette sentralverset i Bibelen frå gravferdsliturgien, er det noko fundamentalt galt i teologien, kristendomsoppfatning og forkynninga.
Dnk er definert som folkekyrkje. Det er eit tvetydig uttrykk. I utgangspunktet var det å forstå som ei kyrkje FOR folket, altså eit uttrykk for kyrkja sin misjonsdimensjon. Ved at det var kyrkjer, gudstenester og kyrkjeleg handlingar over alt i landet vårt, kunne alle verta nådde med nådemidla, altså Ordet og sakramenta. Med det kunne alle nåast med ein frelsande bodskap og få hjelp til å leva som ein kristen.
No har nemninga folkekyrkja i hovudsak skifta meining til å bety ei kyrkje AV folket. Det er ei radikal og ei dramatisk endring. Dette har vorte tydeleg ut frå måten ein tenkjer om røysterett og styring i Dnk – alle som er døypte kan delta, uavhengig av personleg tru. Det vert også stadig tydelegare ved at teologien og forkynninga tilpassar seg folket. Det som tradisjonelt står lengst mot ei slik tilpassing, er bibeltekstane, salmane og liturgien. Det har vore kjempa for at liturgien skal tilpassast den åndelege situasjonen i folket. Det er ønskje om å ta Joh 3,16 ut av gravferdsliturgien eit markant uttrykk for. Då endrar ein også kva en legg vekt på i lesing frå Bibelen, og med det endrar ein bodskapen.
Eg vil tru at det er kyrkjeleg gravferd som i dag står sterkast som uttrykk for at Dnk er ei folkekyrkje, men då spørst det kva ein legg i ordet folkekyrkje. Vil ein nytta det høvet til å forkynna Guds ord sant til folket, og med det gje dei evangeliet til frelse, eller vil ein nytta høvet til å stadfesta folket i deira eigen religiøsitet og deira private oppfatning av tru?
Vert «Den vesle bibelen» ikkje brukt i gravferdsliturgien eller endatil teken bort frå liturgien, vil det vera enda større grunn til å ha kristen gravferd utafor Dnk sin regi, gjerne på bedehuset og ved ein lekmann med åndeleg tillit. Gravferd «må» ikkje skje i regi av Dnk. Det er familien som vel korleis det skal vera. Vel ein kyrkeleg gravferd, må ein kunna venta og respektera at Dnk sin liturgi vert nytta.
Johannes Kleppa