Godt åndeleg leirskap

Leiarskap i kristne organisasjonar, institusjonar og forsamlingar er ei omfattande og krevjande sak. Alle som har hatt eller har åndeleg leiaransvar sit i glashus. Vi strekk ikkje til, og skal vera varsame med å kritisera andre. Det er viktig med ei støttande haldning til kristne leiarar, sidan dei står i ein utfordrande posisjon. Samstundes skal ein ikkje vera utslettande lojal, men også ha eit kritisk og prøvande blikk på det som skjer. Det er ein vanskeleg, men nødvendig balansegang. Leiarskap i kristen samanheng ber i seg fleire element og ulike ansvarsområde, som alle må ivaretakast om det skal vera godt leiarskap.

Åndeleg leiarskap skal sjå til at organisasjonen, institusjonen eller forsamlinga vert driven på ein god og effektiv måte, slik at det vert maksimalt ut av ressursane med tanke på misjonsarbeid og forsamlingsbygging. Gode strukturar og god organisering gjev i seg sjølv ikkje eit godt arbeid. Det spørst korleis organisasjonen vert brukt, og kva innhald som fyller strukturane.

Åndeleg leiarskap skal også bera i seg god personalforvaltning, som inneber god personalbehandling og god personalomsorg, slik at den einskilde sine nådegåver og generelle utrustning kjem til sin rett og får utfalda seg. Skal det skje, må arbeidstida styrast og den einskilde må ha og finna sin plass i den større samanhengen. Derimot må det ikkje vera ei rigid styring som hindrar kreativitet og utfalding av den einskilde sine ressursar. Det må vera strategiar og målsetjingar, men ikkje knebling av synspunkt eller krav om absolutt underordning. Mange folk i arbeid garanterer ikkje eit effektivt arbeid, men at desse får verka etter kall og nådegåver, og at leiarskapet hjelper det fram.

Åndeleg leiarskap skal sjå til at det er den sunne læra og den sunne forkynninga som får råda, kombinert med eit liv etter Herrens vilje og diakonal teneste. Då er det avgjerande at det vert arbeidd med Guds ord, og at medarbeidarane får hjelp til å trengja inn i Ordet og får hjelp til å utvikla nådegåvene, særleg nådegåver til å forkynna Guds ord. Det er ikkje gitt at det vert rett og sunn forkynning berre det er forkynnarar og forkynning. Det er avhengig av innsikt i Guds ord, særleg i det som har med lov og evangelium å gjera. Til det trengst det nådegåver og openberringsande.

Skal arbeidet skje på rett vis over tid, trengst det opne forhold og tillit i arbeidet. Det åndelege leiarskapet har ansvar for at det skjer, og då må leiarskapet gå føre med eit godt førebilete i dette. Det hjelper ikkje med gode organisasjonar og gode strukturar, om desse ikkje vert fylte med rett og godt innhald. Det hjelper ikkje med vedtekne reglar og prosedyrar, om ikkje desse vert fylgde. Det hjelper ikkje med råd og utval, om desse ikkje vert brukte på rett måte. Det hjelper heller ikkje med opne dører, om folk ikkje vågar gå inn gjennom dei.

Kvar gong eg tenkjer på dette, og på eige ansvar i denne samanhengen, vert eg nesten redd. Åndeleg leiarteneste er eit stort ansvar, der vi stillest til ansvar både overfor Gud og menneske. Må Herren sjå i nåde til oss, og må misjonsfolk be til Herren for alt åndeleg leiarskap.

Johannes Kleppa