Rota til evolusjon

Professsor Kjell J. Tveter har skrive fleire bøker og mange debattartiklar der han tek oppgjer med evolusjonslæra, særleg ut frå at grunnlaget for denne i tilfeldig opphav og utvikling ikkje er haldbar. Evolusjonslæra kjem ikkje til rette med at det krevst kompleks og omfattande informasjon for å skapa noko nytt. Slik informasjon kan ikkje oppstå tilfeldig, like lite som eit stort leksikon kan vert til plutseleg og av ingen ting. Det krevst ein intelligens bak. Den mest saksvarande måten å forstå naturen og mennesket på, er ut frå at Gud har skapt, held oppe, styrer og utviklar det heile.

Evolusjonskritikk og det å stå for alternativ til evolusjonslæra, slik som Intelligent Design eller bibelsk skapingslære, har vore vanskeleg å nå fram med i store delar av det naturvitskaplege miljøet. Det reknast difor som ei gjennombrot for evolusjonskritikken når den norske professoren i informasjonsvitskap, Steinar Thorvaldsen, saman med den svenske matematikarane Ola Høssjer, har fått på trykk ein vitskapleg artikkel med slik kritikk i eit anerkjent internasjonalt vitskapleg tidsskrift (Dagen 1/7).

Noko av hovudpoenget i artikkelen er at finjusteringa i cellene og i naturen i det heile, ikkje kan forklarast ved at alt har oppstått tilfeldig. Matematikken og fysikken motseier det. Det må har skjedd på ein styrt måte ved intelligens. I denne samanhengen er kommentaren til professor i biovitskap, Kjetill Jakobsen, interessant og opplysande: « .. hvis man sier at slike fenomen (finjustering) er et resultat av en «styrt hensikt» og som ikke kan oppstå ved tilfeldighet, så bryter dette med darwinistisk teori.» Alt har oppstått «tilfeldig evolusjonært».

Dette bør alle som vil kombinera evolusjonslæra med Gud som skapar, merka seg. Ein kan ikkje kombinera det gudstyrte med darwinismen. Evolusjonslæra har det tilfeldige som prinsipp, same kva variant av darwinismen ein legg til grunn. Kristen skapingslære har som prinsipp at alt har vorte til ved Guds skaparmakt og i samsvar med hans vilje, same kva ein måtte tenkja om korleis Gud har skapt. Med det er det altså frontkollisjon mellom darwinismen og kristen skapingslære. Dei som vil kombinera dette, førest anten ut i vranglære om skapinga eller vranglære om evolusjonslæra.

I sin artikkel om «Menneskets opprinnelse» (Dagen 29/6) refererer Kjell J. Tveter til nobelprisvinnar Jacques Monod som sa at «ren tilfeldighet utgjør selve roten til evolusjonen». Dette bør ein i kristen samanheng etter kvart ta på fullt alvor, også ved høgare utdanning. Gjer ein ikkje det, undergrev ein den kristne tanken om at Gud har skapt vilja, med mål og meining.

Tveter har skrive mykje og godt om dette, men han er i ferd med å resignera med tanke på situasjon i kristenfolket og teologiske institusjonar på dette området. Det er få som lyttar til det han skriv, men dei lyttar til evolusjonistiske teoriar. Det er likevel nokre av oss som lyttar til Tveter, men fleire burde gjera det. Sjølv om Kjell J. Tveter er kvart er godt oppå i åra, er det grunn til å oppmoda han til å stå på vidare – og det er stor grunn til å seia han takk for mange gode bidrag i evolusjonskritikken og til hjelp for trua.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock