Barnevernet og foreldreretten

Barnevernet er i hardt vær for tida. Det har vorte reiste mykje og sterk kritikk mot barnevernet frå ulike hald gjennom fleire år. Delar av kritikken er tydeleg fagleg basert. Det var vore oppslag i media og politiske reaksjonar i fleire land mot slik barnevernet opptrer i landet vårt. Noreg har tapt fleire saker i menneskerettsdomstolen i Strasbourg. No har fleirtalet i Samnanger kommune gjort vedtak om å utgreia om kommunen skal gå til rettssak mot ein tidlegare leiar av barnevervet i kommunen etter tydeleg feilbehandling og urettmessig maktbruk mot foreldre og barn. Vert det rettssak, er det truleg første gang i vår historie noko slik skjer grunna offentleg forvaltning. Dette viser alvoret i saka for barnevernet no.

Barnevernssaker er følsomme saker. Når ein opplever at barnevernet gjer feil, kan då reaksjonen vert urimeleg sterk. På andre sida kan ein koma til å forsvara barnevernet i for stor grad ut frå at dei har ein vanskeleg jobb å gjera. Det er ikkje tvil om at barnevernet har eit både viktig og utfordrande samfunnsoppdrag å utføra. Av denne grunnen er det viktig at vi ikkje vert for raske, for sterke og for unyanserte i kritikken. Av same grunnen er det viktig at barnevernet handlar rett, at dei ikkje går ut over sitt mandat, at dei opptrer på korrekt måte – og ikkje minst, at dei respekterer og handlar på basis av foreldreretten.

Ekteskap og familie er ei grunnleggande skaparordning, og med det er foreldreretten ein fundamental berebjelke i samfunnet. Angrep på eller undergraving av foreldreretten vil gjera uboteleg skade på samfunnet. Det skaper mistillit, kulde og frykt. Det er til skade for familien, for foreldre og barn. Det er knapt nokon heim der alt fungerer fullkome, men normalt er det slik at barna har det best saman med far og mor – også der desse opptrer kritikkverdig. Nokre gonger vert likevel situasjonen uhaldbar for barna, slik at dei må takast frå foreldra og få anna heim. Målet må då vera at foreldra får hjelp, slik at barna kan koma heimatt – om det er mogleg.

Vi omtalar 1968 som eit ideologisk skiljeår. Frå då vaks det fram sterke ideologiske retningar som vil byggja ned ekteskapet, heimen og alt som luktar av «privat». Det offentlege skal overta så mykje som mogleg, og det offentlege skal avgjera kva som er best for folk – og det skal gjennomførast med lov og økonomi, og om nødvendig med makt. Med det har foreldreretten kome i skotlina, særleg med tanke på opplæring og oppseding. Det rammar heimen, barnehagen og skulen. Det vert gjennomført som ideologisk tenking ved høgskular og universitet, og gjennomsyrar derifrå samfunnet på alle plan. Mange som ivrar for slik statsstyring og statsmakt, har plassert seg strategisk i politikk og samfunn, i skule og oppseding – inkludert i barnevernet.

Barnevernet har med det fått urimeleg stor makt, ved at det har både ein politi- og domsfunksjon og ein hjelpe- og omsorgsfunksjon. Dei burde berre hatt det siste. Det er viktig at vi vaker over det som skjer i barnevernet, og hjelper til at barnevernet får gjort si viktige gjerning på basis av foreldreretten og ikkje ut frå eit ideologisk statsformynderi. Då kan barnevernet få tena foreldra og barna på beste måten.

Johannes Kleppa

Bilde: Adobe Stock