Når fortapinga vert problematisert

Dei som fylgjer med i Dagen, har sikkert fått med seg at det har pågått ein debatt mellom biskop Halvor Nordhaug og Rolf Kjøde, med utgangspunkt i Kjøde si melding av biskopen si bok «Men hva med de andre?». Debatten går på Nordhaug si forståing av fortaping, der dei vurderer ulikt den posisjonen biskopen har innteke i saka. Det er tankevekkande, og symptomatisk med tanke på teologisk tenking.

Eg har lese Nordhaug si bok, som handlar om fleire kontroversielle tema, men der det mest sentrale er spørsmålet gjeld fortapinga. Eg deler i all hovudsak den vurderinga Rolf Kjøde har gitt uttrykk for, og der hovudpoenget er at biskopen har løyst seg frå den klassisk luthersk forståinga av fortapinga og frelsa. Kva posisjon han så har innteke, er det vanskeleg å få tak på, og det er i denne samanhengen også underordna. Nordhaug har løyst seg frå den eksklusive forståinga av frelsa knytt til Jesu frelsesverk og formidla ved nådemidla – der berre den som høyrer og mottek ordet om krossen vert frelst.

I boka går Nordhaug gjennom ulike forståingar av fortapinga og frelsa, slik vi kjenner desse frå kyrkje- og dogmehistoria. Han sluttar seg ikkje fullt ut til nokon av dei, og fleire avviser han i stor grad. Nordhaug går også gjennom skriftstader som talar om saka. Generelt er tolkinga, argumentasjonen og vurderinga prega av på-den-eine-sida og på-den-andre-sida. Det heile framstår i stor grad som problematisering av både ulike syn på saka, og av det Bibelen seier om temaet. Dei klare bibelorda får ikkje styra nok i forhold til ord som for oss kan synast uklare, eller som er vanskelege å få til å harmonera med det Guds ord generelt seier. Biskopen bryt med den enkle tolkningsregelen som seier at dunkle ord skal tolkast i lys av klare ord.

Biskopens framstilling kan samanliknast med eit skip som har kast fortøyingane og forlate kaien, men som ikkje styrer etter ein bestemt kurs, men er i drift. Kor det då endar, er ikkje godt å seia, men poenget er at skipet har forlate sin opprinnelege posisjon ved kaien. Slik har Nordhaug kast fortøyinga i vedkjenninga og Bibelens klare ord i saka, og har kome i læremessig drift. Sagt på ein annan måte har biskopen gått seg ut i ei teologisk hengemyr, der han har mista åndeleg fotfeste i saka. Då vert det korkje kraft eller retning. Det er ikkje hald i saka.

Det er nokså klassisk at før ein openbert skifter standpunkt i ei sak, går ein vegen om problematisering og uklare mellomposisjonar. Det har vore typisk i spørsmålet om kvinnelege prestar og i spørsmålet om samliv og ekteskap. Det er vanskeleg å halda fast på ein uklar og flytande posisjon, over tid er det umogleg. Kor Halvor Nordhaug endar opp, er ikkje godt å seia, og det er heller ikkje det viktigaste. Det store problemet er at biskopen fører ein tale som nedtonar alvoret i spørsmålet om fortapinga, og som nedtonar det eksklusive i Jesu frelsesverk og frelse ved den trua som ordet om krossen skaper. Det vil garantert føra til at folk som les og høyrer det biskopen lærer i denne saka, vil hamna i ei ubibelsk forståing av frelse og fortaping. Det er eit stort ansvar biskopen på denne måten tek på seg. Han gjer det motsette av det ein biskop skal gjera.

Johannes Kleppa

Bilde: Screenshot fra Dagen sin e-utgave

One thought on “Når fortapinga vert problematisert

Comments are closed.