Kristendommens sentrum – før og no

Overskrifta på denne artikkelen er meiningslaus, fordi kristendommens sentrum alltid er det same. Likevel er det slik at når ein les kristen litteratur og høyrer kristen forkynning, kunne ein tru at kristendommens sentrum skiftar med tidene. Praktisk sett er det faktisk slik, og det er ei stor utfordring for oss. Det er det som vert skrive og forkynt som skaper inntrykk av kva sentrum er, og med det vil folk si oppfatning av sentrum variera med åndssituasjonen. Det ein har som sitt personlege trussentrum, treng med det ikkje samsvara med kristendommens faktisk sentrum.

Utgangspunktet for denne ettertanken er at eg er den heldige eigaren av salmediktar Hans Adolph Brorson sine «Samlede skrifter», eit verk på over 1300 sider. Eg er ingen kjennar av Brorson, og eg har ikkje lese heile dette verket, men eg les nokre salmar no og då. Det er stor variasjon i Brorson si dikting, men det er ein raud tråd gjennom det heile – Ordet om krossen. Det har slått meg mange gonger kor sterk konsentrasjonen er om synda og Jesu forsoningsverk, det vi kan kalla lov og evangelium. Det er berande for alt han skriv om, for trua og livet.

Brorson var biskop og forfattar på 1700-talet, altså då pietismen bana seg veg. Pietismen er truleg den mest positive åndsmakta som har verka i Europa, og Brorson er kalla pietismens salmediktar. Salmane hans er prega av det personlege og inderlege livet med Gud, det som kjem til uttrykk i omgrepet «personleg kristen». Problemet er synda, og svaret er Jesu forsoningsverk og syndstilgjevinga. Det gjer ein til eit Guds barn, det skaper ei nytt liv og det er livskrafta i trua og livet. Jesu død på krossen er straff for synda vår, det er straffeliding i vår stad, og ved det vert Guds kjærleik openberra.

Når eg tek fram Brorson sine salmar, kan eg ikkje unngå å halda bodskapen i desse opp mot vår tid, både når det gjeld song og forkynning. Då vert det nokså tydeleg at tyngdepunktet i mykje av det som vert formidla som kristendom i dag, er eit anna enn hjå Brorson. Det er ikkje den vekta på forsoninga, og det er ikkje det orienteringspunktet ut frå forsoninga som ligg i salmane hans. Det heile er grunnare og meir menneskesentrert. Det heng saman med at ein ikkje tek syndefordervet på same alvoret som i pietismen.

Sentrum i kristendommen finn vi i påskebodskapen – særleg Langfredag, og det vert formidla gjennom Brorsons salmar, same kva temaet for dikta er. Vi kan difor gjerne bruka noko tid denne påskehelga til å grunna på kva påskebodskapen er, og om denne er sentrum i vårt personlege gudsliv – og i det forsamlings- og misjonsarbeidet vi er del av.

Johannes Kleppa

Bilde: Fotolia