Korona og det vi ikkje kan kontrollera

Den kjende forfattaren, forkynnaren og apologeten Os Guinness vart intervju i Dagen fredag 27. mars. Det er grunn til å lytta når han talar. Her skal vi berre ta med eit moment knytt til koronaviruset, og den situasjonen dette skaper. Guinness registrerer at den uroa som er knytt til dette viruset, har med helsemessige, økonomiske og politiske konsekvensar å gjera, og så føyer han til:

«Mange innser ikkje at under dette ligg det noko meir grunnleggjande: Kjernen i den moderne verda er kontroll gjennom vitskap og teknologi. Viruset viser oss at det er ting vi ikkje kan kontrollera

Ein kan gjera seg mange tankar knytt til ein pandemi som den vi no opplever, og ein kan ha ulike oppfatningar av korleis det er best å møta den utfordringa vi står overfor. Landet vårt er globalt sett i ein eineståande posisjon ved at vi har økonomisk makt til å møta situasjonen på ein måte som ingen andre har. På det økonomiske området er vi høgt privilegierte, og med det kan vi i stor grad avhjelpa den helsemessige og den næringsmessige krisa vi er i. Vi kan likevel ikkje kontrollera viruset. Det oppstår og det utbreier seg utafor vår kontroll.

Mennesket søkjer kontroll over tilværet. Det har opp gjennom menneskeslekta si historie i stor grad skjedd via religion, gudstru, bønn og ritual. I kristendommen trur vi ikkje at vi kan kontrollera tilværet gjennom trua vår, men vi trur at Gud har kontrollen. Det har han vist ved Jesu person og hans frelsesverk. Vi kan difor trygt overgje kontrollen til han, og leggja oss sjølve og heile tilværet i Guds hand.

Ved opplysningstida og den nye naturvitskapen, særleg evolusjonslæra, fekk folk den tanken at gjennom evolusjon ville alt gå stadig betre. Det vart ei enorm tru på framskrittet, og ved vitskap og teknologi meinte ein seg å kunna kontrollera det meste. Det gav seg i politikken utslag i stadig konkurranse i å gje rettar og garantier. I kjølvatnet av dette stiller journalistar stadig det umoglege og dumme spørsmålet til politikarar om dei kan «garantera» det mest utrulege. Skulle dei kunna gjort det, måtte dei vore Gud.

Den sekulære forståinga av tilværet viser seg stadig å koma til kort. Utviklinga går ikkje alltid til det betre, og vi har ikkje kontrollen. På 1900-talet vart det både første og andre verdskrig, og det var destruktive ideologiar både i Tyskland, Sovjetunionen og Kina. På 2000-talet har vi alt opplevd mykje krig og terror, og no også pandemi. Det er underleg at folk ikkje ser situasjonen i kvitauga, og innser at det ikkje er ein positiv evolusjon og at mennesket ikkje kan kontrollera det som skjer.

Det er ei trøyst i denne situasjonen, og det er at Gud er herre over tida og utviklinga. Han er historia sin Herre. Gud styrer mot eit mål der vondskapen vert nedkjempa, og der det framstår ei ny jord der rettferd bur. Garantien for dette – og her kan vi med rette snakka om garanti – ligg i påskebodskapen. Jesu gjorde opp med synda, vondskapen og lidinga ved si straffeliding i vår stad på krossen, og han vann eit nytt tilvære ved oppstoda si frå dei døde.

Johannes Kleppa

Bilder: Adobe Stock