Den kristne forsamlinga og epidemiar

Vi er inne i ei tid der smittefaren frå virus er rekna så stor på verdsbasis at det vert definert som ein pandemi. Dette vert så omfattande dekka i media at alle må få med seg kva dette inneber både med tanke på liv og helse, og med tanke på økonomi og næringsliv.

Det eg vil fokusera på her, er korleis ein slik situasjon ser ut frå den kristne forsamlinga sin synstad. Då er det særleg to forhold som er aktuelle. Det eine gjeld korleis ein skal forstå ein slik situajon, altså den teologiske sida ved saka. Her vil eg berre peika på at alt som skjer av det som er vondt og problematisk på jorda, stammar frå syndefallet. Ein dag skal alt dette vera borte, fordi Gud ved Jesu atterkome gjenopprettar skaparverket sitt. Når så katastrofer, same kva type det er, skjer i stort omfang, er det uttrykk for Guds reaksjon mot synda og dom over fråfallet, samstundes som det er Guds tukt og kall til omvending.

Det andre er korleis den kristne forsamlinga skal opptre i ein slik situasjon, og den diakonale situasjonen som oppstår ved katastrofer og liding. Det kallar generelt på forkynning, der ein overgir folk til Guds ord, og det kallar på forbøn for alle som lid og for alle som skal hjelpa. I dagens situasjon er det umogleg å kalla folk saman om Ordets forkynning, men ein kan bidra med forkynning i ulike media, og kallet til forbøn kan utøvast på mange måtar. Kong Harald sa i sin tale at dei gruppene som no særleg var ramma, var inneslutta i hans tankar og bøner. Det er eit føredøme for oss alle.

Det som har kjenneteikna den kristne kyrkja opp gjennom historia, er at Guds folk – ikkje minst prestane – har gått inn med hjelp, også der ein utsette seg for smitte og dødsfare. I den første kristne tida var denne haldninga og denne praksisen eit så sterkt vitnemål at det var ein vesentleg grunn til den eksplosive veksten kyrkje då hadde. Måten kyrkja tok seg av fattige på og måten ein hjelpte sjuke på, var noko nytt og overveldande. Dette har kjenneteikna kyrkja gjennom alle tider, også i moderne misjonsarbeid.

Det sterkaste døme vi har på dette i landet vårt, er frå svartedauden rundt 1350. Etter denne var over, var berre 30 av 400 prestar i Nidaros stift i livet. Dei 370 døde i pesten, fordi dei hadde tett kontakt med dei sjuke og sjølv vart smitta. Det er eit sterkt vitnemål om tru på Gud og diakonal innsats. Dei siste 200 åra har staten teke over stadig meir av omsorg og pleie, og staten bestemmer i stor grad kva vi får lov til å gjera, men det ligg likevel ei sterk utfordring her. I kristen samanheng tek ikkje minst Evangeliesenteret diakonien på alvor med måten dei stiller opp på i dagens situasjon.

«Det er mye man kan kritisere kirken og kristendommen for opp gjennom historien, men på dette feltet fortjener den et godt skussmål,» seier professor i kyrkjehistorie, Tarald Rasmussen, med tanke på måten kyrkja har opptrått på i møte med pest og smittefare.

Johannes Kleppa