Eg er på nytt på Centro Sarepta for å undervisa, og mai er ei flott tid å vera i Spania. Denne gongen står Johannes openberring på timeplanen. Det er ei spennande bok på mange måtar. Boka er utfordrande både med tanke på tolking og bodskap.
I Ettertanke knytt til 17. mai nemnde eg at i forståinga av staten må vi halda saman Rom 13 og Op 13. Til romarane skriv apostelen Paulus at styringsordninga i samfunnet er innsett av Gud, og at vi difor skal vera lydige mot styresmakta. Vi skal alltid lyda Gud, og det gjer vi i utgangspunktet ved også å lyda styresmakta. Det går likevel ei grense for lydnaden mot staten, og den grensa møter vi når staten gjer det motsette av det som er denne si gudgjevne oppgåve. Styresmakta skal fremja den gode og hindra den vonde gjerninga, og av det fylgjer naturleg at vi er lydige mot staten.
Når styresmakta derimot gjer det motsette av mandatet sitt, fremjar den vonde og hindrar den gode gjeringa – og byd oss delta i det, skal vi framleis lyda Gud, og då ved å nekta lydnad mot styresmakta. Historisk kjenner vi dette kravet om absolutt lydnad mot staten, som keisartilbeding. Daniel og venene hans møtte dette kravet, og i den første kristentida møtte dei det også. Dei stod imot, same kva det kosta. Djupast sett er det same kravet vi møter i islam og i nasjonalistisk religiøsitet.
Det er dette kravet om keisardyrking vi ser i Op 13, då Antikristig stig fram, men då i ei anna form enn tidlegare. Ved at Guds ord (1. Joh 2,18) seier at den antikristelege ånda alltid vil vera til stades i større eller mindre grad, vil vi også alltid på ulike måtar møta krav og utfordringa frå denne åndsmakta. I tida før Jesu atterkome vil dette vera absolutt.
Den antikristelege åndsmakta perverterer styresmakta og brukar henne motsett av det ho frå Guds side er tenkt til. Det antikristelege kan møta oss gjennom eineherskarar som opptrer tyrannisk som diktatorar, men det kan også møta oss gjennom eit fleirtalsdiktatur som undertrykker og krev lydnad i det som har med tru, livssyn og ideologi å gjera. Då har staten gått inn i Guds posisjon og har vorte ein allstat eller allfar, og mindretalets samvit vert ramma.
Når vi les Op 13, ser vi at det som kjenneteiknar den antikristelege åndsmakta, er einsretting og maktkonsentrasjon på alle livsområde – særleg på tankens område. Vi skal difor alltid vera på vakt mot maktkonsentrasjon, og når staten grip inn i truslivet og vil styra tanken vår. Dette er særleg aktuelt for heim, oppseding og skule. Retten til å driva frie kristne skular, vert difor eit testspørsmål i møte med styresmakta. Johannes Kleppa