Abortspørsmålet og forbøn for styresmakta

Dette er ikkje ei spalte for partipolitikk eller for personlege politiske markeringar. Derimot er det ei spalte for kristen tenking på alle livs- og samfunnsområde. Politikk har med etikk å gjera, og dessutan talar Bibelen om styresmakta si oppgåve og kristne sitt ansvar for styresmakta.

Det har vore knytt stor spenning til utfallet av regjeringsforhandlingane som har pågått i det nye året, og no veit vi at resultatet vert ei ny regjering. Ei regjeringsplattform har mange og viktige element i seg, inkludert mange område og standpunkt som har med kristen etikk og tanke å gjera.

Det som har vore spesielt ved forhandlingane denne gongen, er at abortlova har vore relativt mykje i søkjelyset – sjølv om det berre er ein liten flik av lova, om livsretten og menneskeverdet som har vore til forhandling. Sjølve hovudsaka, fosteret sin livsrett og sitt menneskeverd, og barnets rett til vern i mors liv, har ikkje vore til forhandling. Det har «lege fast», diverre.

Kristeleg Folkeparti (KrF) har fått gjennomslag for å gjera lova litt meir restriktiv når det gjeld såkalla tvillingabort. Det er prinsipielt svært bra, sjølv om det dreier seg om svært få tilfelle av abort. Dette har skapt ramaskrik, særleg frå venstresida i politikken. Reaksjonane står på ingen måte i forhold til fakta i denne saka, men dei viser kor krakilske mange vert så snart spørsmålet om fosterets livsrett og fri abort kjem på tale. Det som vert definert som «kvinna sin rettar» og «kvinna sin kropp», har fått ein så absolutt posisjon i tenkinga at det framstår som «heilag». Sett i forhold til livsrett og menneskeverd er reaksjonane og argumentasjonen uhyggeleg.

KrF fekk ikkje gjennomslag for å endra paragraf 2c, den såkalla «sorteringsparagrafen», diverre. Partiet skal likevel ha honnør for å ha gjort eit seriøst forsøk, og dei fekk inn nokre positive tiltak innan dette politikkområdet. Den negative utviklinga på bioteknologiområdet har også fått bremseklossen på for ei stund.

Eg skal ikkje her ta stilling til KrFs retningsval i politikken eller om regjeringsplattforma er god nok. Derimot er det grunn til å gje honnør til alle som tek opp abortspørsmålet med det målet å gje barnet i mors liv livsrett og menneskeverd. Det vert ein ikkje populær på i sekulære media eller i dei politiske miljøa generelt. Tvert imot vil ein møta mykje motbør, herselars og trakassering. Det skal difor mot og kraft til for å stå opp i slike saker, og då må kristenfolket gje støtte til dei som tek kampen og påkjenninga, og inneslutta dei i bøn.

Vi skal også hugs at Bibelen har ei formaning om noko vi «framfor alle ting» skal gjera, og det omfattar å be for styresmakta. Vi skal be anten vi er samd eller usamd med styresmakta, og så er det naturleg å be særskild for dei som ønskjer å verka i politikken i samsvar med kristen tenking og etikk.

Johannes Kleppa