Det er viktig å halda fast på den realiteten som ligg i fortaping, og at dei som er utan Jesus Kristus er fortapte. Det er menneskets utgangspunkt, og difor treng mennesket frelse ved Jesu forsoningsverk og rettferdiggjering ved tru.
Samstundes som vi held fast på realiteten i fortapinga, og på livets to moglege utgangar, må vi vera varsame, slik at vi talar som Bibelen talar om fortapinga. Det å tala rett om fortapinga er vanskeleg. Den motsette grøfta av å nekta fortapinga, er å gjera fortapinga til djevelens eigedom, som eit salgs dødens rike der han hersker i all æva – som ein motsetnad til Guds evige herlegdomsrike på den nye jorda.
I etterkant av den store helvetesdebatten på 1950-talet gav lærarane ved Menighetsfakultetet (MF) ut ei bok eller ei artikkelsamling – «Evig liv – evig død», der dei tok opp ulike sider ved spørsmålet om fortapinga, særleg det Bibelen seier om dette. Det er tankevekkande å lesa det samla vitnemålet MF-lærarane då avla i denne saka, halde opp mot dei sprikande og motsette syna som råder der i dag – også i spørsmålet om fortapinga.
Professor i kyrkjehistorie, Andreas Seierstad, heldt fram at læra om fortapinga er eit allment kyrkjeleg lærepunkt, altså eit lærespørsmål det er semje om på tvers av konfesjonsgrensene. NT-professor Olav Moe konstaterte: «Det nye testamente kjenner til sist ikke mer enn to muligheter: frelse eller fortapelse, evig liv eller evig død». Det svarar til at Jesus talt om to vegar for mennesket, vegen til livet eller vegen til fortapinga.
Eg vil ta med eit lengre sitat av NT-professor Sverre Aalen, der han slår fast noko av det aller viktigaste i denne saka, om vi skal forstå fortapinga rett: «Etter nytestamentlig tanke er det Gud som kaster i helvete. Jesus sier: «Frykt for ham som har makt både til å slå i hjel og til deretter å kaste i helvete!» Luk 12.5. Når Bibelen stiller menneskene overfor læren om helvete, stiller den dem altså overfor Gud. Når vi taler om helvete, taler vi ikke om djevelen, men om Gud, Guds vrede og dom. Det er overhodet ikke djevelen som er virkelig farlig for mennesket, men Gud. Gud har sin hånd om menneskets skjebne; fra ham stammer dets liv og lykke og frelse; han er det også som kan bli det til evig ulykke.»
Johannes Kleppa