Det har på kort tid skjedd ei fundamental og radikal endring i samfunnet vårt når det gjeld forståinga av kjønn. Historisk sett har det i vårt land som i alle andre kulturar vore slik at det er det biologiske kjønnet som har vore grunnlaget for kjønnstenkinga og styrande for lovverket. På nokre få tiar har det endra seg til å forstå kjønnet i sosiale, kjenslemessige og juridiske kategoriar.
Det heile starta formelt sett midt på 1970-talet gjennom arbeidet med «Lov om likestilling mellom kjønnene» (Likesstillingslova), som vart vedteken i 1978. I den samanhengen heldt professor Erling Danbolt, rektor ved Norsk Lærarakademi, eit grunnleggjande føredrag på Geilomøtet (trykt i Fast Grunn nr. 6/78). Han påpeikte at dette var ei fullmaktslov som var prega av ei menneskesyn i strid med Guds ord, og som hadde som mål å endra og forma folks haldningar. Han viste at dette ville få konsekvensar på mange livsområde.
Det har vi i det siste sett eit dramatiske døme på ved den nye «ekteskapslova» som ikkje respekterer naturen og biologien når det gjeld ekteskap, samliv og barns oppvekstvilkår. Lova er boren av ein ikkje-kristen kjønnsideologi som undergrev den skaparordninga som ekteskapet er. Denne dramatikken har forsterka seg radikalt ved at Kyrkjemøtet har vedteke å fylgja den same kjønnsideologiske tenkinga i Den norsk kyrkja sin vigselspraksis og læremessig i liturgi. I forlenginga av denne likestillinga av heterofile og homofile med tanke på samliv og ekteskap, vil det fylgja andre samlivsordningar som heller ikkje respekterer den bibelske kjønnstenkinga.
No er det ei ny lov på trappene som byggjer på og fremjar den same kjønnsideologien, «Lov om skifte av juridisk kjønn». Både ekteskapstenkinga og tenkinga om kva kjønn ein skal definera seg som, tek utgangspunkt i at kjønn er ein sosial konstruksjon og personlege kjensler som får juridiske fylgjer. Kjønnsskifte er då ikkje biologisk å forstå og med det ei sak for helsevesenet, men det er juridisk å forstå og ei sak for skattevesenet (folkeregistreringa). Eige kjønn avgjer og skifter ein då så ofte ein vil ved å senda inn eit skjema.
Den åndskampen som står på det kjønnsideologiske planet er altomfattande, og vil særleg verta utkjempa i barnehagen, skulen og barnevernet. Dette bør kristenfolket vera vakne for.
Johannes Kleppa