Påske viser kven Gud er

Den sanne Gud er ein Gud som trer inn i historia og inn på jorda og openberrar seg der. Dette heng saman med Guds vesen som treeinig Gud, som skapar og frelsar. Gud brukar den arenaen som han har sett mennesket inn på, også til å visa kven han sjølv er. Gud er til i og for seg sjølv, men han openberrar seg i møte med mennesket.

Som treeinig Gud er Gud eitt vesen, men tre personar, og desse tre personane har eit innbyrdes samfunn i kjærleik. Det er utgangspunktet når Gud skaper mennesket i sitt bilete. Han skaper personar som han kan elska, og som kan elska han frivillig. Den fridomen mennesket ved skapinga slik fekk, brukte vi til å gjera opprør mot Gud med den konsekvensen at det vart eit totalt og globalt syndefall. Også i engleverda var det eit opprør mot Gud, med det resultatet at vi fekk djevelen med  vondskapens åndehær i himmelrommet.

Sidan Gud skapte mennesket i kjærleik ved Sonen sin, og med det hadde utvald oss i Kristus før verda sin grunnvoll vart lagd. Sette Gud i gang sin frelsesplan straks syndefallet var ein realitet. Mennesket vart jaga ut av Edens hage og halde borte frå livets tre, slik at det skulle vera mogleg å frelsa mennesket. Gjennom ei lang førebuande frelseshistorie og frelsesopenberring fekk dette si utløysing i at Sonen kom til jorda som eit menneske.

Påskebodskapen viser oss korleis Gud er, ved at Faderen som sendte Sonen sin til soning for syndene våre, legg menneskeslekta si synd på Jesu lekam slik at han kan bera synda opp på ein kross, forbanninga sitt tre. Her let så Gud all forbanning som kom ved syndefallet og all sin vreide over synd, ramma Jesus i det han vert gjort til synd og gjort til ei forbanning for vår skuld. Med det vart han vår soning, og han vert vår rettferd ved trua. Oppstoda vitnar om at dette er fullkome, og ein siger over synd og død.

Nåde er dette at Gud i Kristus bøyer seg ned til oss og går ned under synda vår for å ta denne med seg på krossen til straffeliding og dom. Det er berre Gud openberra i Kristus som er slik og gjer slik, og det er berre påskehelga som forkynner ein slik bodskap.

Johannes Kleppa