Til frelse og med frelse

Det går mot slutten av adventstida, men det kan enda vera grunn til å minna om den dobbelte bodskapen som denne tida forkynner oss. Det dreier seg om at Jesus kom til frelse og at han kjem att med frelse. Hebrearbrevet lærer oss dette ved å seia at Jesus kom første gongen for å verta ofra og ved det ta bort syndene åt dei mange, og andre gongen skal han til eller med frelse for dei som trur på han (9,28).

Det er viktig å halda fast på at då Jesus kom første gongen, var det for å verta ofra for syndene våre. Det var av denne grunnen han fekk ein lekam, seier det same Hebrearbrevet, og vi har vorte helga ved at denne lekamen vart ofra i døden (10,10). Julehelga minner oss om at Jesus vart eit menneske, og at han med det fekk ein lekam. Det skjedde altså for at han skulle kunna verta ofra, og det vart han ved at Gud la alle syndene våre på Jesu lekam, og ved at han bar desse opp på krossen og gjorde soning for dei ved sin død i vår stad og under Gud dom. Dette bind jul og påske uløyseleg saman.

I det siste har det vore noko fokus på såkalla postmoderne teologi, som nektar at Jesu liding og død, som straffeliding og soning i vår stad, er nødvending til eller avgjerande for vår frelse. Sentralpunktet i sjølve Jesu død som soningsdød, vert med det fornekta, og all vekt vert lagt på Jesu oppstode. Denne vranglærande teologien bør få oss til å skjerpa forkynninga av sjølve forsoninga ved Jesu død i vår stad.

Som kjent har det også vore ein debatt om fortapinga, der det har vorte hevda at alle vert frelste til slutt. Då skal vi merka oss at Hebrearbrevet seier at det er til «dei som ventar» på Jesus at han kjem att til frelse. Til alle andre kjem han til dom.

Julehelga forkynner oss at Jesus gav avkall på all himmelsk herlegdom for å verta vår frelsar, og det vart han gjennom fornedring ved døden på krossen – og i kraft av det kjem han att med frelse for sine.

Johannes Kleppa