Behovet for sentral evangelisk forkynning

IMG_9739.CR2

Det er to alvorlege problem når det gjeld forkynninga her i landet i vår tid. Det eine er at det stadig vert mindre forkynning, og at folk – inklusivt kristenfolket – i stor grad nedprioriterer å høyra Guds ord forkynt. Av denne grunnen må vi leggja til rette for flest mogleg stader og flest mogleg tidspunkt der Guds ord vert forkynt, og oppmoda folk til å møta fram.

Det andre er at store delar av forkynninga er for lite sentral, eller for lite orientert ut frå sentrum, altså krossen. Då mister forkynninga åndskraft og overtydingsmakt. Det vert lett ei utfordring til oss som menneske og som kristne. Då vert det like gjerne det gamle mennesket som tek tak i forkynninga og byrjar på ein sjølvhjelpsprosess, som det vert at det nye mennesket får mat og livskraft.

Det er alltid hyggeleg å høyra når noko har vore på møte og bibeltimar i regi av Sarepta, og der opplevd sentral og god forkynning – forkynning som er luthersk-roseniansk i sin karakter og si orientering. Seinast på eit møte no ein dag, der eg hadde ein bibeltime for indremisjonen, var det ein kar som kommenterte forkynninga på Bosenteret i Spania i svært positive ordelag. Det var ei god, frigjerande og byggande forkynning som han ofte sakna i andre samanhengar. For ei tida sidan var det ein som kommenterte det at Sarepta gjerne ville ha møte på små plassar eller der det er lite forkynning, med å seia at de må koma også på større plassar der det er mykje forkynning, fordi de står for ei forkynning som vi treng, og som det er alt for lite av.

No skal vi i Sarepta på ingen måte slå oss på brystet og seia at alt er vel og bra med oss og forkynninga vår, og at alle andre kan læra av oss. Vi har alle skatten i leirkar, og er heilt avhengige av Herrens nåde – også til sann og rett forkynning. Derimot skal vi la slike reaksjonar vera ei påminning  og eit kall til oss i den forkynningsoppgåva Sarepta står i. Det skal også utfordra oss til å satsa på forkynning, og då med utgangspunkt i evangeliets og Guds ords sentrum – krossen.

Johannes Kleppa