Langfredag var eg på gudsteneste i Herøy Frikyrkje i Fosnavåg. Gudstenesta var som vanleg på ein langfredag med opplesing av Jesu lidingshistorie frå Getsemane til Jesus anda ut på krossen, oppdelt i passelege stykke med påskesalmar imellom. Preika var sentral ut frå påskebodskapen med vekt på Jesu liding og død for oss, i vår stad.
I preika vart Jesu liding sterkt understreka, og at dette var for våre synder. Fleire gonger i preika vart det sagt at dette var for vår skuld, for oss – for deg. Så kan ein spørja kvifor eg skriv ein Ettertanke om noko så «sjølvsagt» som dette. Pastoren i Herøy Frikyrkje er nok ikkje den einaste som understrekte dette denne påskehelga – og mange har gjort det før. Om dette ikkje er noko originalt eller spesielt, kan det likevel vera grunn til å løfta det fram – ikkje minst i takk til sjølve bodskapen, og i takk for at det vert forkynt.
Hovudgrunnen til å løfta det fram her, er likevel at det nettopp ikkje er «sjølvsagt». Dette er ein bodskap som er så stikk i strid med vår natur og slik vi av oss sjølve vil tenkja om vårt forhold til Gud og vår frelse. Jesu soningsverk og frelsa er så framant for denne verda og for oss syndige menneske at vi nettopp må få det forkynt, ved Ordet få det openberra for våre hjarto – og det må skje stadig på nytt.
Det er heller ikkje «sjølvsagt» at det vert forkynt frå preikestolane rundt omkring i landet vårt slik den åndelege og teologiske situasjonen er i vår tid. Det har utvikla seg ein teologi og ei forkynning som ikkje tek på alvor det som ligg i Jesu død som soning og forsoning, som straffeliding i vår stad. Jesu død vert anten ein rein kjærleikshandling eller ein rein solidaritetshandling – begge delar utan utan oppgjer med synd og soning for synd. I denne situasjonen er det grunn til å gje honnør til dei som forkynner den sanne bibelske bodskapen om det som skjedde i påskehelga.
Martin Luther var svært oppteken med dette, og det låg til grunn for heile reformasjonsverket. Eg brukar ofte å sitera kva Luther sa vi skulle lytta etter for å høyra om evangeliet faktisk vart forkynt, eller om det berre var religiøst prat. Ein måtte høyra etter kjenneteiknet på evangeliet. Det å setja seg inn i all slags lære og teologi var ikkje så viktig. Det avgjerande var å høyra evangeliet, og høyra etter om det var det som vart forkynt, slik at ein kunne ta det til seg. Det vert sagt om dei gamle myntkjennarane, at det dei høyrde etter, var om det var den rette klangen i mynt. Var det det, var det ein ekte mynt. Var det ikkje det, kunne mynten vera kva han ville, men det var uansett ein falsk mynt. Slik er det også i forhold til evangeliet.
Det eine Luther sa vi skulle høyra etter, var om det vart sagt at Jesu død var «for oss». Skulle det vera evangeliet som vart forkynt, måtte det forkynnast, altså uttalast tydeleg med ord, at det Jesus gjorde på Golgata, var i vår stad, og for oss – for deg, for meg. Det var universelt for oss, og det var personleg for meg. Evangeliet, altså at det var for oss, kan aldri berre vera underforstått. Det må alltid uttalast.
Det andre Luther sa vi skulle høyra etter, var om «prisen», kva det kosta Jesus å sona våre synder, vart forkynt. Det er ikkje nok å seia at det var for oss, men det må også seiast kva forsoninga innebar av liding i vår stad. Det må seiast at Jesus tok straffa for synda på seg, at han gjekk inn under Guds dom og vreide og gjord opp for all synd. Han betalte den høgaste prisen som er betalt på jorda, det kosta Jesus alt – til sist å verta forlaten av sin Far og Gud i det han var under den heilage Gud sin vreidesdom. Jesus tømte Guds vreidesbeger ublanda. Det er dette vi omtalar som Jesu straffliding. Slik liding har det korkje vore før eller etter Jesu soningsdød på krossen – og det vil ikkje skje i framida heller. Straffeliding for syndene våre er utført ein gong for alle.
Johannes Kleppa