Bibelen formanar oss mange gonger til å ta vare på den sunne læra og den rette trua. Samstundes talar Guds ord mange gonger om splitting, og åtvarar mot det. Judas seier vi må ta vare på den trua som ein og gong for alle er overgitt til dei heilage, og så minner han om mange og ulike grunnar til splitting og uorden. Det gjeld om at vi vert oppbygde i vår høgheilage tru og held oss i Guds kjærleik.
Vi må halda oss unna spottarar, ugudelege og slike som skaper splitting i Guds forsamling. Dei riv ned i staden for å byggja opp. I den siste tida vil det i kristendommens namn kom folk som verkar slik med liv, lære og forkynning. Dette kan skje på mange måtar, men vi vil her peika særleg på ein.
Judas skriv om nokre av dei som skal opptre i dei siste tider: «Det er desse som skaper kløyving, dei er sjelelege menneske som ikkje har Anden.» (v 19).
Vi skal vera litt varsame med å «dela opp» mennesket. Mennesket er primært eit heile, ein totalitet av ånd, sjel og lekam. Det kan vera vanskeleg å halda dette frå kvarandre, men nokre gonger gjer Guds ord det. Det med lekamen eller kroppen er rimeleg greit. Det kan vera vanskelegare å skilja mellom sjel og ånd.
Judas gjer eit skilje mellom mennesket som sjel, eit «sjeleleg menneske» og Anden, det å ha Guds Ande. Mennesket kan i den kristne forsamlinga opptre ut frå det å vera sjel, og det kan vera vanskeleg å skilja frå å opptre som eit åndeleg mennesket, altså ut frå Anden. Når mennesket opptrer ut frå å vera sjel, opptrer det ut frå seg sjølv og ikkje ut frå Gud. Når det skjer i Guds namn, skaper det forvirring og splitting.
Mennesket si sjel er uttrykk for mennesket sin personlegdom, slik som hjarta er det. Det er også eit uttrykk for at mennesket er eit ævevesen, og difor talar Guds ord om alvoret i å tapa sjela si. Det er altså ikkje noko gale i det å vera eit «sjeleleg mennesket», men då er vi på skaparplanet og slik mennesket skal opptre ut frå det, og i det ligg også at mennesket treng frelse.
Problemet oppstår når mennesket ut frå sine eigne føresetnader vil opptre i den kristne forsamlinga, særleg det å vera leiarar der. Når Judas seier at dei sjelelege menneska han talar om, ikkje har Anden, er det litt uklart om han meiner dei ikkje er Guds born, eller at dei ikkje har Andens utrustning til teneste. Kanskje det helst er det første, men det er ikkje hovudsaka her. Poenget er at dei opptrer på ein måte som skaper splitting.
Det mest alvorleg med tanke på splitting er vranglære og åndeleg villfaring, men det kan også skje gjennom personlegdomen og måten å opptre på. Det er nokre som er svært sterke personlegdomar, slik at dei ut frå sin personlegdom og personlege styrke får ein svært sterk posisjon og dominerande funksjon. Deira ord er lov. Dei kan då lett få ein måte å opptre og leia på som skaper tvang og frykt. Det kan halda forsamlinga saman i ein periode, men ikkje over tid. Det skaper spenning, og ein dag løysest det ut som brist og kløyving. Det er som når bogen vert spent over bristepunktet.
Dei seinare åra har det kome fram alt for mange døme på forsamlingar som har vore styrte av «sjelelege menneske». Dette er folk som vil ha menneskeleg og åndeleg makt. Det har skapt mange sår og mykje svidd mark. Som oftast vil slike menneske også ha ein usunn teologi, og det forsterkar problema, undertrykkinga og den lidinga kløyvinga skaper.
Det er eit gamalt ord som seiar at det er når dei som ikkje til ha makta i den kristne forsamlinga, får makta, at det vert godt å vera der og at forsamlinga fungerer på ein god måte. Det er mykje sanning i det, sjølv om det villige sinnet er viktig. Det er grunn til å vera på vakt mot at det åndelege leiarskapet skjer på sjeleleg vis, og ikkje ved Guds Ande.
Johannes Kleppa