Kva har Bergpreika, nådegåvene og boda felles, slik at dei kan stillast saman i ei overskrift? Dei har sjølvsagt det felles at det er nokså sentrale bibelske tema. Grunnen til at dei her stillest saman, er at det er fag det vert undervist i på Centro Sarepta for tida. Denne veka har Egil Reindal undervist i Bergpreika, og det held han fram med i neste veke. Eg har hatt timar om nådegåvene, og skal neste veke gå gjennom dei ti boda.
Det er viktig for Guds folk å få innføring i dei ulike bibelske bøkene og sentrale tema i kristentrua. Det legg vi stor vekt på ved Centro Sarepta. Dei som fylgjer undervisninga eitt år får med det rimeleg omfattande bibelsk og kristen kunnskap. Dei som er her ei veke eller to, eller ein litt lengre periode, får også verdfull kunnskap, og grundigare innføring enn det som skjer via enkelt møte og kanskje litt samanhengande forkynning. Rett før eg sette meg for å skriva desse linene, tok eg imot eit pensjonist-ektepar som skal vera her fem veker. Det er til etterfylging for fleire!
Når ein fylgjer undervisning over bibelske bøker eller tema, oppdagar ein gjerne at her var stoff som ein ikkje hadde tenkt på. Når det gjeld Bergpreika, er det eit av dei mest kjente avsnitta i Bibelen, men også ein av dei mest mistydde tekstane eller overflatisk behandla. Bergpreika er svært radikal med det tanke på det kristne livet, og ho er utfordrande på fleire område i vår åndssituasjon.
Nådegåvene er svært viktige med tanke misjonsarbeid og teneste, men det er ikkje så ofte vi har ein systematisk gjennomgang av desse i forkynninga på bedehuset. Sidan alt lekmannsarbeid er nådegåvebasert og oppgåvefordelinga skal skje etter nådegåveprinsippet, er det nødvendig at kristenfolket har godt kjennskap til det som gjeld nådegåvene. Bibelen seier difor at vi ikkje skal vera uvitande om dei åndelege gåvene, og vi vert oppmoda til å søkja desse. Det er då viktig at vi får tak i breidda av nådegåver og ikkje berre vert opptekne med nokre spesielle.
Etikkundervisninga ved Centro Sarepta orienterer seg i stor grad ut frå dei ti boda, slik det historisk i stor grad har vore i kristen etikk. Boda har alltid vore aktuelle, og i vår tid er samfunnsutviklinga og den ideologiske og livssynsmessige tenkinga slik at stadig fleire bod vert utfordra. Med tanke på lovgjevinga gjeld det i særleg grad boda om ikkje å slå i hjel, ikkje bryta ekteskap og å heidra far og mor. Med tanke på åndssituasjonen og teologien er både det første og andre bodet under angrep. Materialismen treng å verta korrigert på det niande og tiande bodet. For eit par år sidan var det ein eldre mann som dukka opp den veka vi skulle skulle ha undervisning i dei ti boda. Det meinte han måtte vera både aktuelt og interessant, så han deltok aktivt heile veka. Fleire burde tenkja som han.
Det er viktig at det på bedehuset er stor breidde i bibelske tema, samstundes som spissen i forkynninga er ordet om krossen. Situasjonen er slik at det må leggjast vinn på bibelsk og kristen kunnskap. Det er ikkje alltid så lett å få dette til, og då er er ei veke eller fleire på Centro Sarepta ei god hjelp!
Johannes Kleppa