Krig er i utgangspunktet aldri eit gode, men ein tragedie. Det er lite det fylgjer så mykje liding og død med som krig. Når nokon likevel gjer den vonde gjerninga det er å gå til krig, må denne stansast, slik at dei destruktive kreftene ikkje får bre om seg. Det inneber ein rettferdig forsvarskrig. Det såg vi svært tydeleg ved Den andre verdskrigen, der Hitler starta vondskapen og dei allierte nedkjempa tyrannen og nazismen. Ein krig må avsluttast med rettferdig fred, altså at den som har gått til urettmessig krig ikkje får fordeler av det, men den som forsvarar seg får det som er rett. På vegen dit kan det vera nødvendig med våpenkviler og mellombels fredsslutningar.
I desse dagar har vi fått ei våpenkvile i Midtausten mellom Hamas og Israel. Det er ei våpenkvile så må ha site langt inn hjå israelarane, fordi ein har ikkje fått teke endeleg oppgjer med den terroren som utløyste krigen, ein har ikkje fått skikkeleg bukt med Hamas, sjølv om organisasjonen er sterkt svekka. Det er ingen teikn til rettferdig fred i forlenginga av denne våpenkvila.
Det er lett å forstå at det internasjonale samfunnet ønskjer slutt på krigen, og at Israel ønskjer det same. Alle menneske av god vilje, vil tenkja i dei banane. Hamas, derimot, er strengt tatt ikkje interessert i dette, fordi dei har eit endeleg mål i å utsletta Israel som stat, og det kan dei berre oppnå gjennom krig og terror. Ei våpenkvile eller ein fredsslutning frå deira side er difor berre ei mellombels sak ut frå den føreliggjande situasjonen der dei er under sterkt press. Det må alle som vil sjå realitetane i augo, innsjå.
Skal det vert rettferdig fred i Midtausten, må Hamas og alle andre islamistiske grupper setjast ut av spel, på ein eller annan måte. Det skjer ikkje ved dagens våpenkvile, sjølv om denne på kort sikt kan spara mange menneskeliv og hindra mykje liding. Frå ei side sett er det difor grunn til glede over våpenkvila, men i eit større og lengre perspektiv er det stor grunn til uro for at denne våpenkvila legg til rett for meir terror og krig, vald og liding. Våpenkvila tek nemleg ikkje eit oppgjer med Hamas eller bind organisasjonen på hender og føter. Hamas som terrororganisasjon får leva vidare, sjølv om dei skal avstå å senda rakettar inn over Israel. Den er naiv som trur at dette for alle framtid betyr at Hamas vil avstå for terror, vald og krig. Signala som kom etter terroren 7. oktober viste det diamentralt motsette.
På mange måtar er det Israel som gjev noko ved denne våpenkvila, medan Hamas får. Rett nok må Hamas gje frå seg israelske gissel, men for kvart gissel får dei 30 krigsfangar tilbake. Med det styrkjer dei sin kapasitet. Israel må trekkja seg tilbake frå Gaza, men Hamas får halda fram i sine tunnelar, og når den israelske hæren er borte, kan dei arbeida fritt.
Ei våpenkvile som siktar mot ein fredsavtale burde bore i seg at Hamas skulle avvæpnast og at dei ansvarleg for terroren og krigen skulle stillast for retten. Det er det diverre ikkje internasjonal vilje til. Eit svakare alternativ ville vera at Hamas måtte gje uhilda internasjonale observatørar saman med Israel tilgang til heile tunnelnettverket deira med alt som finst i desse, og at det vart etablert ein kontroll med tunnelane og Hamas si krigsmakt, slik at tunnelane og krigsmakta ikkje kunne utviklast vidare og brukast mot Israel.
Det er tragikomisk at i den situasjonen som er, arrangerer Noreg konferanse om ei tostatsløysing i området, utan at Israel er med – og så langt eg har registrert, er heller ikkje Hamas med. Dermot er PA med. Dei som det gjeld mest, Israel og Hamas som styrer i Gasa er altså ikkje inviterte. Det er noko surrealistisk og arrogant over det heile. Det vert lagt opp til at andre enn Hamas skal styra i Gasa, men det er naivt å tru at denne terrororganisasjonen vil gje frå seg styringa, i alle fall ikkje så lenge dei ikkje er avvæpna eller under kontroll, men får fungera fritt. Korkje Hamas eller andre islamistar vil akseptera ei tostatsløysing. Det er ein illusjon. Etter islamsk lære skal det vera ein stat i området, og då ein islamsk stat – sjølv om det finst mange slike frå før, men ingen andre jødiske statar. Det bør verdsamfunnet innsjå, og det må Israel ta høgde for i alt det dei gjer, ikkje minst militært.
Det at Noreg som har spelt seg sjølv ut over sidelina i Midtausten, og som har fått sterke antisemittiske drag, arrangerer konferanse om situasjonen i Midtausten for å få fred og levelege vilkår der, er uttrykk for mangel på sjølvinnsikt og det å spilla tid, krefter og pengar til inga nytte.
Johannes Kleppa