Nokon kvar av oss har sikkert både juletradisjonar og julerituale. Det kan dreia seg om alt frå korleis vi pyntar til jul, kva som skal skje dei ulike juledagane, korleis julepakkane skal delast ut og opnast, kva mat som skal etast – og mykje meir. Ved giftarmål der ulike tradisjonar og rituale skal sameinast, kan det oppstå utfordringar, der ein må tilpassa seg heimen ein er i.
Alt av denne typen tradisjonar og ritual er greit, men det er berre ytre skikkar. Derimot er det viktigare med tradisjonar og ritual som får fram julebodskapen, slik som å lesa juleevangeliet, syngja julesongar og gå i Guds hus for å høyra evangeliet. Også skikkar som fremjar samhald og omsorg i familien er bra.
Det eg i dag tenkte på, var likevel ein anna type tradisjonar og ritual som kjem opp kvart år knytt til jul, i alle fall har det vorte slik dei siste åra med sekularisering og media. Det har vorte ein tradisjon at jul startar stadig tidlegare, særleg i butikkane. I alle slags butikkar får vi juleutstillingar, og salet av alt ein treng og ikkje treng til jul, startar lenge før vi har kome i julestemning. På dei store kjøpesentra ljomar julesongar av alle typer i vekevis før jul. På eitt vis høyrer dette likevel til ei viss grad jul til.
Ein merkelegare juletradisjon, som er like sikker som at de går mot årets mørkaste dag, er Human-Etisk Forbund sin kamp mot julegudstenester. Dei likar jo ikkje gudstru og gudstenester i det heile, men julegudstenester er spesielt galt. Barn og unge kunne koma til å verta utsett for «forkynning», og det er noko av det verste som kan skje, i alle fall i skulen og når det gjeld kristendom. At det konstant skjer ei kompakt forkynning av sekulær karakter, særleg når det gjeld kjønn og samliv, er derimot uproblematisk. Det er merkeleg at det skal vera så om å gjera å unngå at elevane får ei viss kristen markering av jul, sett i lys av vår kristne kulturhistorie og at skulen enda har ein viss kristen basis. På toppen av det heile er julegudsteneste frivillig, men heller ikkje frivillig kristen markering i skulens regi, skal vera lovleg. Foreldreretten synest heller ikkje å ha nokon verdi for dei som ønskjer slik julemarkering.
Det har lenge vore ein tradisjon i NRK at Hovmesteren skal sendast som oppkjøring til jul, og det er jo rein underhaldning. I dei seinare åra har det også vorte som ein tradisjon å senda program som tek føre seg korleis NT har vorte til, eller som tek opp andre spørsmål av kristen-historisk karakter. Det er påfallande at det i slik program stort sett er spekulasjonar og problematiseringar som ikkje hadde vorte godtekne i andre program med historiske tema. Det vert også framstilt som at det er nye innsikter og ny vitskapleg viten som vert bore fram, men det er stort sett oppgulp av gammalt stoff, og ofte også i gamal innpakning. Så stor skade gjer kanskje ikkje dette, men det kunne vore interessant med program som tok den bibelske framstillinga på alvor som reell historie. No treng vi ikkje historikarar til å fastslå at det Bibelen fortel, er historisk påliteleg. Det veit vi fordi det er Guds ord og openberring. Bibelhistoria vil difor stå seg for all reell historisk etterprøving. Det har stadig vist seg, ikkje minst når det gjeld det Lukas skriv.
Det er også eit julerituale som særleg kristne media føretek nokså årvisst, og det er spørsmålet om Jesus vart fødd i ein stall eller ikkje. Det vert også framstilt som at det er eit nytt spørsmål med nye innsikter, men det dreier seg om moment og argumentasjon som eg har høyrt så lenge eg kan minnast. Kva rom Jesus vart fødd i, stridest dei lærde om, men i ein stall av den typen vi tenkjer på, var det truleg ikkje. Sant å seia synest eg spørsmålet er meir kuriøst enn det er interessant og nyttig. Saka er at Jesus vart fødd, og det i samsvar med Skriftene!
Det var tradisjon i Israel at ved manntal skulle alle skriva seg inn i den byen der slekta høyrde til, og med det vart det tur til Betlehem for Josef og gravide Maria, og Jesus vart med det fødd der slik profetien sa! Det er ein god juletradisjon å feira det, inkludert ritualet med å lesa juleevangeliet ved julemiddagen eller på anna eigna tidspunkt!
Johannes Kleppa