Då Kvitekrist vart fødd

Bibelen seier at då tida var fullkomen, kom Guds Son til jorda – Kvitekrist vart fødd. Det at tida var fullkomen, vil seia at tida for å oppfylla lovnadene frå GT og frelseshistoria var inne. Det var også mykje i det ytre som låg til rette for at kristendommen kunne få ein god start. Det var likevel ingen idyll då Jesus vart fødd, korkje i stallen eller i samfunnet. Det var romarane som rådde i Israel, og Romerriket var ei brutal verdsmakt.

Det kom noko heilt nytt til jorda med Jesus. Det kom ein frelsar og ei frelse. Det kom ein som kunne ta all verda si synd på sin lekam og bera synda opp på krossen og sona henner der under Guds dom og vreide. Noko slik hadde aldri skjedd før, og det har aldre skjedd sidan. Det er heller ikkje behov for at det skjer på nytt, fordi det er gjort fullkome ein gong for alle.

Nokre gonger er det greit å minna om det som i utgangspunktet er sjølvsagt. Med tanke på julehelga som vi no går inn i, er det: «I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids stad. Han er Kristus, Herren.» Det er greit å minna på kvifor Kvitekrist kom til jorda. Med frelsa fylgde frigjering og von, og vi fekk eit nytt perspektiv på Guds vilje for den einskilde og samfunnet.

Etter Jesu himmelfart og pinse spreidde kristentrua seg med eksplosiv fart rundt Middelhavet. På dei første 500 åra erobra kristentrua store delar av landa rundt heile Middelhavet og lagt opp i Europa. Det var til stor velsigning for land og folk, men mest for folk si frelse.

Etter kvart nådde evangeliet også heilt nord til vårt land. Vikingane møtte kristentrua lenge før ho kom til oss, fordi dei møtte munkar og diakoni, prestar og forkynning, medan det var på tokt sørover i Europa. Den frelsaren dei møtte, kalla dei Kvitekrist. Dei hadde mange gudar i Norden og dei møtte mange gudar der dei ferdast, men Kvitekrist var annleis enn alle andre. Han ville ikkje ha nokon ved sida av seg. Han gjorde krav på å vera den einaste sanne Gud og frelsar, og hans vilje var heilag, absolutt og god. Det fylgjde kjærleik og omsorg med Kvitekrist.

Det enda med at både konge og folk, ville dyrka Kvitekrist. Han vart så å seia fødd inn i folket vårt. Han fekk ein posisjon som ingen andre hadde hatt. Folket vart også på sett og vis fødd på nytt. Det vart store omveltingar til det betre. Lovgjevinga vart mildare og omsorga vart sterkare. Det er umogleg å tenkja seg Noreg utan Kvitekrist.

I året som snart ebbar ut, har vi feira to jubileum til minne om dette. Det eine er 1000-årsmarkeringa av Kristenretten på Moster, og det andre er 750-årsmarkering av Landslova som Magnus Lagabøter fekk i stand. Begge har hatt stor innverknad på og formande kraft for land og folk. Folket vart løfta til ein ny standard. Det sprang altså ut av at Kvitekrist kom til landet og vann makt ved Ordet. Landslova er reint oppbyggeleg lesnad, fordi det er trua på den treeinige Gud som dannar fundamentet og det er hans gode vilje som er norma.

Men Kvitekrist kom ikkje ut av det blå eller oppstod av ingen ting. Han vart fødd i Betlehem, og ordet om han gjekk ut frå Jerusalem. Han vart ikkje teken av dage i mors liv og styresmakta fekk heller ikkje ta knekken på han som nyfødd. Han vart fødd, han vaks opp, han vart frelsar og han kom til Noregs land og folk. Det er god grunn til å feira at Kvitekrist vart fødd.

Johannes Kleppa