Litt om bibelundervisning

I det eg skriv denne artikkelen er eg på bibelhelg i Bangsund litt utafor Namsos, der temaet er Glimt frå Daniels bok. Det er ei god forsamling med folk i alle aldrar. Når eg er på slike bibelhelger, tenkjer eg ofte på kor viktig det er at Guds folk samlast til bibelundervisning.

Vi bør framelska fleire møteveker, men med tanke på bibelundervisning fungerer bibelhelger svært bra. Med to timar fredag og laurdag og møte søndag føremiddag, får ein på kort tid fem bibeltimar. Det er lettare for folk å setja av ei helg enn ei heil veke. Dessutan er det lettare å ta med seg barna i helga enn midt i veka, sidan dei ikkje skal på skulen dagen etter. Det er sjølvsagt også mogleg å ha samanhengande bibelundervisning andre vekedagar, og det har ofte Sarepta, men helga er enklare med tanke på arbeidet.

På Centro Sarepta er det slik at vi har tre underviningstimar for dagen, slik at det gjennom veka vert femten timar, som tilsvarar tre bibelveker eller tre bibelhelger. Det er jo svært «effektivt», særleg med tanke kristne som bur på stader med lite forkynning, og kanskje særleg lite bibelundervisning.

Eg trur vi lett undervurderer kor lite forkynning, og særleg kor lite bibelunderrvisning, vi får gjennom året med den gudsteneste- og møtestrukturen som no er på bedehuset, samanlikna med for ein generasjon eller to sidan. Denne problemstillinga er forsterka ved at det praktisk talt ikkje lenger er bibelundervisning i skulen. Rett nok kan det til ei viss grad erstattast ved kristne friskular og det kristne barne- og ungdomsarbeidet, men det klarer på ingen måte erstatta den «gamle» kristendomsundervisninga i skulen. Det er eit lyspunkt at mange unge søkjer til bibelskulane.

Det er veldig tydeleg at Bibelen legg vekt på rett og nok kunnskap om Gud og på læra. Det har også fylgt den kristne kyrkja gjennom heile historia, og vi ser det i Israel i GT. Det er kunnskapen som styrer gudstrua, og der denne kunnskapen minkar eller forsvinn, minkar eller forsvinn også gudstrua. Det kunnskapen vert feil eller falsk, vil det same skje med gudstrua. Israelsfolket historie slik vi les om denne i GT, er eit tydeleg eksempel på det.

I landet vårt har vi aldri teke heilt inn over oss det vakuumet i kristen kunnskap som har oppstått gjennom det som har skjedd i skulen. Rett nok har Den norske kyrkja prøvd å byggja opp ei trusopplæring, men denne varierer svært mykje i oppslutnad og kvalitet. På bedehuset har vi aldri gått skikkeleg inn i dette, sjølv om vi gjer ein del. Det er vel faktisk slik at det er mindre barne- og ungdomsarbeid med grunnleggjande undervisning og forkynning no enn det var i den tida dette var ein sentral del av skulen. I land og kulturarar der ein ikkje har hatt opplæring i skulen slik som hjå oss, har dei ofte lagt opp til ei sjølvstendig og systematisk kristendomsopplæring i forsamlinga. Det burde også vi har gjort, men materialismen med sin ferie- og fritidskultur er slik at dette er uhyre vanskeleg.

Det vi i alle fall kan gjera, er å gjera som i Bangsund – og mange andre stader – å invitera til bibelhelg med fem bibeltimar frå fredag til søndag!

Johannes Kleppa