Herrens krigar og rettferdig krig

Det er mykje som kan seiast om krig, men det er to ting som er det viktigaste. Det eine er at krig er eit onde som kom ved syndefallet, og difor skal Gud til sist gi oss ei jord utan krig, og før det eit tusenårsrike som vil vera eit fredsrike. Fram til då vil det vera krig på jorda, og til tider er krig eit nødvendig onde. Det andre er at all krig må vurderast etisk ut frå læra om rettferdig krig.

I ein periode i Israels historie var det ei spesiell form for krig, Herrens krigar. Nokre gonger kallar vi det «heilag krig», men det kan mistydast som at alt Israel gjorde i desse krigane, var rett. Poenget er at dette var krigar som Herren ga ordre om og djupast sett utførte. Det skjedde ut frå hans rettferd, heilagdom, kjærleik, visdom og allmakt. Det var krigar i samband med at Israel skulle innta lovnadslandet etter utgangen av Egypt, og det var krigar i oppgjer med synd i det syndemålet var fullt. Etter at Israel hadde fått landet sitt, vert det ikkje ført slike krigar lenger, og Israels krigar seinare er forsvarskrigar, og dei må vurderast på etiske premissar, som alle andre krigar.

Ved at krigar har vorte førte til ulike tider i historia og i ulike kulturar, har krigane variert nokså mykje, særleg med tanke på våpenbruk og måten å føra krig på. Dei grunnleggjande etiske elementa har likevel i stor grad vore dei same, og i krigsetikken brukar vi samanfatta dette i uttrykket «rettferdig krig». Det betyr ikkje at alt som skjer i krigen, er rett, men det betyr at sjølve krigen er rettferdig, og det vil nesten alltid dreia seg om forsvarskrig. Nokre gonger kan forsvarskrigen vera det som vert kalla «forkjøpskrig», for å hindra eit angrep.

Det avgjerande i rettferdig krig er at det er rett styresmakt som erklærer og fører krig, at krigen har rett føremål eller hensikt og at krigen førest på proporsjonal måte, altså at maktbruken står i forhold til det rettmessige militære målet. Målet for slik krig, er at han skal enda i rettferdig fred, altså ikkje berre i ein fred for å få slutt på krigshandlingane.

I dag har vi i vår del av verda to krigar som vi må vurdera og døma om ut frå rettferdig krig. Den ein er krigen mellom Russland og Ukraina. Her er det openbert at Russland fører urettferdig krig. Sjølv om det kan seiast at styresmakta som har gått til krig, er lovleg, er føremålet og hensikten med krigen urettmessig, ved at ein vil få kontroll med eit anna land og ein vil ta landområdet frå eit anna land. Dessutan er makt- og våpenbruken uproporsjonal ved at ein stor grad angrip sivile mål framfor militære mål.

Ukraina derimot før rettferdig krig ut frå alle kriterier. Det er rett styresmakt, det er rett føremål og hensikt ved å forsvara eit sjølvstendig land og dei fører krigen proporsjonalt. Til det siste kunne dei brukt langt større makt og meir og tyngre våpen og enda vore innafor det proporsjonale, men då måtte Vesten støtta meir og raskare. Etisk ville det vore det beste, fordi det truleg ville ført krigen tidlegare til ende.

I Gaza er det tilsvarande. Her er knapt nok Hamas ei legitime styresmakt til å føra krig, målet, som er å utsletta Israel, er illegitimt og våpenbruken er uproporsjonal, særleg ved å bruka sivile som skjold for soldatane.

Israel derimot har udiskutabelt ei legitim styresmakt som fører krigen, målet med krigen, som er å overleva som land og som nasjonalheim for det jødiske folket, er rett og våpenbruken er proporsjonal. Det siste er det mange som meiner ikkje stemmer, særleg blant politikarar, og det vert endatil snakka om folkemord og etnisk rensing. Sjølv om mange menneskeliv går tapt, er det nøktern sett få sivile som vert drepne sett i lys av at området er lite og folketett, og at Hamas brukar folket som skjold og fører krigen frå sivile område. Hamas begår krigsbrot både mot det jødiske folket og sitt eige folk. Militært sett kunne – og burde – Israel brukt meir våpenmakt, men dei avstår frå det av omsyn til sivile liv, og med det ligg dei i krigføringa godt under det som er proporsjonalt akseptabelt.

Det er denne typen etiske vurderingar ein må leggja til grunn når ein vurderer desse to krigane, og ikkje pragmatiske politiske vurderinger, bakanforliggjande historiske eller politiske forhold, eller kjenslemessige reaksjonar på liding og død.

Israel fører altså ikkje krig under synspunktet «Herrens krig», men under «rettferdig krig» – og då kjem dei svært godt ut med krigføringa. Det burde alle som vil, kunna sjå.

Også Ukraina kjem svært godt ut med si krigføring etter rettferdig krig, og for meg er det etisk sett totalt uforståleg at nokre, og då særleg kristne, vil ha ei avslutning på ein rettferdig krig, som ikkje gjev rettferdig fred, men som gjev den som fører urettferdig krig ein gevinst. Då får ein urettferdig fred. Krigen i Ukraina skal ikkje vurderast ut frå Nato sin opptreden i ulike samanhengar eller ut frå politiske og historiske forhold i regionen, men ut frå etikken i rettferdig krig – og då er konklusjonen etter mitt skjønn utvetydig. Ukraina må hjelpast til siger og rettferdig fred, og ikkje pressast til urettferdige kompromiss.

Johannes Kleppa