Be for kongar og folk i høg stilling

Guds ord formanar og oppmuntrar oss mange gonger til bønn og forbønn, og det er knytt store lovnader til å be. Apostelen seier vi skal takka og be for alle menneske, og så presiserer han: «for kongar og for alle som er i høg stilling» (1. Tim 2, 1f) Det vil ha god verknad på samfunnet og på våre livsvilkår der. Denne bønna samsvarar med at styresmakta er innsett av Gud, og at vi difor skal visa styresmakta respekt og lydnad.

Det er ikkje sagt at det er når styresmakta er kristen eller når vi er samde med styresmakta, at vi skal be for henne. Nei, vi skal be for ei kvar styresmakt. Det kan vera vanskeleg. Det er samstundes naturleg at vi bed særskild for dei som vil tena Gud i sine stillingar og verv. Guds ord seier at vi skal ta oss av alle menneske, men mest av trua sitt eige folk. Det er naturleg at det også gjeld bønneomsorga.

Eg har høyrt fortalt ein episode frå då KrF-leiar Lars Korvald var statsminister. Han var på vitjing i eit lokallag for KrF, og då var det ein som sa: «Eg bed for deg Korvald.» Det var jo både fint og naturleg, og Korvald takka for det, men tilføyde omtrent slik: «Det skal du gjera også når statsministeren ikkje er ein kristen, fordi det er statsministeren du skal be for.» Det hadde Korvald heilt rett i, og det er ei formaning både frå Paulus og Korvald som vi skal leggja oss på minne.

I husandakten som kona og eg har, prøver vi å fylgja opp formaninga til å be for styresmakta, same kven som er det. Den siste tida har eg tenkt litt ekstra på dette, særleg ut frå situasjonen i kongefamilien og i Kristeleg Folkeparti. Det er to svært ulike situasjonar, og vi kan ha ulike meiningar og tankar om det som har skjedd og det som vil og må skjer framover. Det er like fullt vanskelege situasjonar, og det gjeld kongen og folk i høg stilling.

Det var berre desse enkle tankane som låg med på hjarta til Ettertanke i dag. Kongen og folk i høg stilling treng vår forbønn kvar dag, men det er situasjonar og tider der dei treng ekstra bønneomsorg. For nokre er det ein slik situasjon nett no.

Johannes Kleppa