Israel igjen

Det siste året har eg skrive om Israel i denne spalta fleire gonger, men eg gjer det enda ein gong. Frå ei side sett er det ikkje noko nytt å skriva om, fordi krigen i Gaza pågår framleis og kritikken mot Israel er vedvarande. Samstundes er det slik at Israel og det jødiske folket er som i ei skrustikke som stadig vert pressa meir saman. Det er forunderleg å høyra kva som vert sagt og sjå kva som vert gjort. Det er som ein ikkje trur sine eigne augo og sine eigne øyra, sjølv om ein har vorte van med å høyra og sjå det meste.

Midt i Israel sin forsvarskrig mot terrororganisasjonen Hamas etter det blodigaste angrepet i Israels nyare historie, finn Noreg det for godt å anerkjenna det ikkje-eksisterande landet Palestina. Det kom raskt takk og gratulasjonar frå Hamas, naturleg nok. Det var jo som eit handslag til Hamas og deira kamp mot Israel, sjølv om det naivt nok ikkje var meint slik. Den norske regjeringa seier seg å vera ven av Israel, men det er ein type venskap som Israel takkar nei til og verner seg mot. Noreg har mista sin tillit i Israel, og det er fullt forståeleg. Med det har landet vårt spela seg ut over sidelina med tanke på å bidra til fred i Midtausten og betre levekår i Gaza, sjølv om det ikkje er den store katastrofa. Vi har lett for å overvurdera kva innverknad og betydning vi har. Noreg brukar like sterke ord i kritikken av Israel som vi brukar mot Hamas. Angriparen og terroristen vert altså stilt likt med den som forsvarar seg mot terror og kjempar for å overleva.

Når vi høyrer utanriksministeren, er det som han har gått heilt av skaftet i alt som har med Israel, Hamas og Midtausten å gjera. Det verkar som han er slått med politisk blindskap, slik at han berre går vidare på sin veg bort frå ein seriøs og konstruktiv posisjon i Midtausten-konflikten.

Under partileiardebatten i Arendalsveka gjekk statsministeren ut i eit svært engasjert forsvar for det regjeringa har gjort, at det var positivt i situasjonen og at regjeringa difor ville gjera meir av det same. Han utviste eit engasjement som faktisk overgjekk det utanriksministeren har vist. Statsministeren fekk seg endatil til å hevda at anerkjenninga av «staten» Palestina og Noregs støtte til mange kritiske vedtak og Noregs eigen kritikk mot Israel, var til beste for Israel. Det jødiske folket veit med andre ord ikkje sitt eige beste, men det veit den norske regjeringa.

Høgre-leiar Erna Solberg var i debatten med statsministeren eit hakk betre enn han, men sakleg sett var avstanden svært liten. Det er med andre ord lite von om betring ved regjeringsskifte og statsministerskifte. Solberg sin argumentasjon var pragmatisk, ikkje prinsipiell og utan substans. Det var strengt tatt berre tidspunktet for anerkjenninga av Palestina som var feil, og hovudgrunnen for det var at Noreg med det spelte seg ut over sidelina med tanke på Israel og Midtausten.

I det politiske miljøet er tostatsløysinga eit mantra, sjølv om det er aldri så urealistisk. Endatil i ein situasjon der Hamas som styrer i Gaza, har vist sitt sanne og brutale andlet, vert det ikkje sagt eit ord om kva krav som må stillast til Hamas og PLO om det skal verta ein palestinsk stat. Det er einsidig press på Israel for å få dette til, og det midt i ein krig der Israel kjempar for sin eksistens. Det vert hevda at det er den noverande statsministeren med si «ytterleggåande» regjering som hindrar ei tostatsløysing. Det verkar som verken politikarar eller media har fått med seg at det i Israel no har vokse fram ein sterk motstand mot ein slik stat, og at Knesset med stort fleirtal nyleg sa nei. Hamas og alle som støttar Hamas har gjort tanken på ei tostatsløysing uhaldbar for Israel. Dessutan er det nok palestinske, det vil seia arabiske, statar frå før. Derimot er det berre ein – og det ein svært liten – jødisk stat, Israel.

Det avgjerande hinderet for ei tostatsløysing er likevel Hamas, PLO og palestina-arabarane sjølv, fordi desse er muslimar og mange er islamistar. Islam har kort og godt ikkje rom for ein jødiske stat, i alle fall ikkje i Judea, Samaria og Galilea. Der skal det vera ein stat, og denne skal vera muslimsk – kosta kva det kosta vil. Det burde ein statsminister og ein utanriksminister – og ein statsministerkandidat – vita, men det er mogleg å stilla for store krav til innsikt i religion. Media burde også vita det, men det er kanskje ein illusjon å tenkja det. Dei som absolutt må vita det, er professorar og andre ekspertar på Midtausten. Dersom dei ikkje veit det, er det eit ufattlege kunnskapshol i deira ekspertise. Dersom dei veit det, men overser det, er det ein skandale og det undergrev tilliten. Om Hamas og PLO skulle godkjenna ei tostatsløysing vil det berre vera som eit stadium på vegen til ei einstatsløysing, og då ei styrking av posisjonen sin i denne samanhengen.

Eit siste moment til undring er omtalen av Hamas sin fremste politiske leiar som vart drepen av Israel i Iran. Han vart stadig omtalt som «moderat». Når ein kan omtala mannen som hadde det øvste politiske ansvaret for massakren 7. oktober, som «moderat», har ein tømt ordet for innhald. I tillegg har ein sagt at kreftene i Hamas er enda sterkare, mørkare og meir destruktive enn det som kom til uttrykk i dette demoniske terrorangrepet. Likevel vil ein altså oppretta ein palestinsk stat som er nødt til å vera på basis av islam, og det utan å avklara korleis staten skal vera og opptre før ein opprettar han. Då legg ein berre til rette for enda meir terror mot Israel enn det vi alt har sett alt for mykje av.

Johannes Kleppa