Forkynning og aktuelle tema, familie og aktivitetar

Eg skriv denne ettertanken på veg heim frå Sareptasommer i Fyresdal. Etter ei veke på ein slik bibelcamp kan ein gjera seg mange refleksjonar. Opplegget har eit særleg sikte mot barnefamiliar og ungdom. Det ligg svært mykje arbeid bak eit slikt arrangementet, både i utforming av opplegget og praktisk tilrettelegging. Det er ein heil hær av frivillige som er i funksjon både før og under campen, i tillegg til at dei tilsette deltek svært allsidig og aktivt. Det er eit sterkt vitnemål om kor viktig frivillig arbeid er i misjonsarbeidet, og kor viktig det er at tilsette er fleksible.

Noko av det mest oppmuntrande ved Sareptasommer sett med mine formannsaugo, er aldersamansetjinga og familiepreget. Det er svært mange familiar med barn og tenåringar, og det er mange unge frå 15 til 30 år. Heldigvis er det også nokre pensjonistar! Fleire av dei siste er der fordi barn og barnebarn er det. Sareptasommer er eit misjonsstemne, men det er også i stor grad eit familiestemne ved at barn, foreldre og besteforeldre møtes. Det er også søsken med sine familiar og andre i nær slekt. Det er eit stemne for storfamilien. Det er viktig at familiar slik samlast til forkynning, undervisning, bønn og åndeleg fellesskap. Det gjev fellesskap i familien og det gir hjelp til det åndelege livet i familien.

For at heile familien skal trivast, er det viktig med eit opplegg som skaper slik trivsel. Då er plassen i seg sjølv viktig, med tanke på at det er trygt for barna og at dei kan få utfalda seg på ein god måte. Også aktivitetane utanom det som skjer i av forkynning og undervisning, er viktig. Under Sareptasommer er det lagt stor vekt på gode, sunne, kjekke og meiningsfulle aktivitetar. Det er nokre som legg ned eit stort arbeid i dette, og dei gjer ei viktig misjonsteneste med det. Utan god trivsel vil ein bibelcamp med slik aldersamansetjing ikkje fungera. Når så nokre av aktivitetane har forfylgde kristne og bibelsmugling, misjonsøkonomi og gjevarteneste i  fokus, får det ekstra meining.

Forkynning og undervisning er det berande og det heilt avgjerande. I dette må ein vera både sentral og allsidig. Det må vera bibelundervisning og forkynning til frelse. Ulike nådegåver må vera i funksjon. På Sareptasommer er det ein fin kombinasjon av unge som stig fram med Ordet og erfarne forkynnarar. Det er viktig at alle aldersgruppene får noko. På kveldsmøta fungerer det fint at alle er samla, og det går svært bra med barn på møta saman med foreldra. Bibeltimane er det naturleg er retta mot vaksne kristne, slik at det då er eigne opplegg for dei ulike aldergruppene frå dei yngste til tenåringane. Det er då avgjerane med eit godt opplegg for desse, slik at dei får god kristen kunnskap samstundes som dei har det kjekt.

Den tidlause og eviggyldige forkynninga og bibelundervisninga er det heilt fundamentale, men det er også viktig å ta opp aktuelle tema. Kristne treng å få kunnskap om og rettleiing i forhold det som skjer i tida og samfunnet. I år var det seminar som gjekk på kallet til å leva som kvardagskristne, utfordringa med moderne teknologi og det som med forståinga av kjønn å gjera. Det er mykje som utfordrar, forfører og skaper forvirring med tanke på å leva eit integrert kristenliv. Dette kan ein få gje hjelp til ved ein slik bibelcamp, særleg når det står saman med solid forkynning.

Det personlege gudslivet må også få utfalda seg gjennom bønn, vitnemål og sjelesorg. Det var gitt godt rom for dette. Det var også lagt til rette for salving og bønn, og fleire nytta seg av det. For min del har eg aldri før opplevd at så mange har søkt til forbønn ved salving i samsvar med Jak 5. Det syntes eg var både fint og tankevekkande. Under Sareptasommer var det eit «eldsteråd» som hadde ansvar for det, og det trur eg fungerte godt.

Det var mange som reiste takksame heim frå Sareptasommer, og som gav uttrykk for at dei ville koma tilbake neste år. Sett med mine formannsaugo er det mange grunnar til takk for denne bibelcampen, både når det gjeld forkynninga og det åndelege, det menneskelege og familiære, gjevartenesta og støtte til misjonsarbeidet.

Johannes Kleppa