Evangelisk luthersk kristendomsforståing

Til tider oppstår det debatt om forholdet mellom ulike kristne konfesjonar. For tida går det ein slik debatt i Dagen om forholdet mellom katolsk og luthersk kristendomsforståing. Andre gonger kan det dreia seg om forholdet til reformert tru og lære. Dette er omfattande spørsmål som eg ikkje i sin breidde skal gå inn på her. Skal vi kunna vurdera luthersk kristendomsforståing opp mot andre konfesjonar, er det avgjerande viktig at vi er klar over den evangelisk luthersk posisjon, og det vil eg seia litt om her.

Eg skal ikkje gå inn på dei ulike lærepunkta i luthersk lære, det som gjeld dogmatikken, men peika på nokre grunnleggjande moment. Det første er læregrunnlaget, altså Skrifta åleine eller det som vert kalla skriftprinsippet. Det inneber at all lære skal hentast frå Skrifta, og med det skal all lære prøvast på Skrifta. Dette står alle kyrkjesamfunn som stammar frå reformasjonen saman om, sjølv om det kan vera nyansar i bibelsyn. Med det kan vi drøfta ulike lærepunkt med same utgangspunktet. I forhold til katolsk og ortodoks kristendomsforståing er dette annleis ved at dei opererer med Skrifta og Tradisjonen, og kan med det ha lærepunkt som ikkje er grunna i Skrifta.

Etter luthersk lære er forståinga av Guds ord som lov og evangelium svært viktig. Dette inneber at Skrifta møter oss på to måtar eller med to ulike ord. Det eine er lova som viser oss kven den heilage Gud er, og kven vi er som syndige menneske, og med det viser lova oss vårt behov for frelse, fordi ho fører oss inn under Guds dom. Evangeliet er eit anna ord som talar til oss om Guds kjærleik slik denne møter oss i Jesu frelsesverk. Evangeliet talar om soning for synd og syndstilgjeving på ein slik måte at vi søkjer til Jesus, får tillit til han og trur på han til rettferd og frelse.

Det er altså eit frelsesverk i Jesus som må formidlast til mennesket for at vi skal få del i det til frelse. Denne formidlinga skjer ved det vi kallar nådemiddel, altså middel som formidlar nåde. Det er primært Guds ord, men også dåp og nattverd, som vi kallar sakrament. Det er Den Heilage Ande som formidlar bodskapen om Jesu frelsesverk til oss ved Ordet, og det skjer ikkje berre som teori, men med verkekraft, slik at trua på Jesus vert skapt i vårt hjarta.

Det må med andre ord skje eit skapande under i hjarta vårt for at vi skal tru. Dette heng saman med mennesket sin syndige natur. Etter luthersk kristendomsoppfatning og menneskesyn er det slik at mennesket sitt syndeforderv er totalt. Det inneber at vi ikkje kan gjera noko til vår eiga frelse, og det avslører altså lova. Både grunnlaget for frelsa og frelsestileigninga ved tru er Guds verk og gåve til oss. Desse gåvene vert gitt oss ved Anden og Ordet.

Ut frå det vi her har sagt, er det slik at rettferdigjering ved tru er sentrum, orienteringspunkt og berebjelke i eit luthersk kristendomssyn. Av denne grunn er det avgjerande viktig at tyngdepunktet i forkynninga er Jesus forsoningsverk og rettferdiggjering ved tru. Det gir del i frelsa, det skaper frelsesvisse, det er krafta i eit liv i helging og misjonsteneste. Det er mange viktige område og lærepunkt, men rettferdiggjering ved tru eller ordet om krossen, er det alt står og fell med.

Noko av det som kjennemerker luthersk kristendomsforståing er at vi heldt fast på ulike paradoks. Eit paradoks er noko som ser ut for å vera ei sjølvmotseiing, men som djupast sett ikkje er det, men som gir god meining når vi forstår det rett. All kristendom og alle kyrkjesamfunn har i botnen to grunnleggjande paradoks. Det eine er at Gud er treeinig. Han er tre personar i eitt guddomsvesen. Det andre er at Jesus er sann Gud og sant mennesket. Han er ein person, men av to naturar.

I luthersk kristendomsforståing er det fleire ting vi ikkje prøver å forklara logisk eller rasjonelt, men vi let det stå der som paradoks, og overlet det til den skjulte Gud. Gud har openberra seg for oss i Skrifta, men han har ikkje openberra alt ved sin person, sin gjerning og sitt råd. Då tenkjer vi at vi kan ha like stor tillit til det Gud i det han ikkje har openberra som i det han har openberra. Noko av det han har openberra, kan også vera vanskeleg å forstå, fordi det strid mot slik vi generelt tenkjer. Det gjeld sanningar som at når ein er fattig i ånda, er ein rik i Kristus, at Guds styrkje kjem til uttrykk i vår veiskap – og ikkje minst: at vi samstundes er heilt og fullt syndarar og rettferdige. Det første i oss sjølv, og det andre i Kristus.

I evangelisk luthersk kristendomsforståing og forkynning er då slik at alt i Guds ord skal gjerast gjeldande, men på ein slik måte at vi vert ståande att med Jesus Kristus og han krossfest.

Johannes Kleppa