To B-ar – Bibelen og Bjorliheimen

Eg har ikkje tenkt at Bjorliheimen skal konkurrera med dei fire B-ane i Apostelgjerningane 2.42: Bibelen, Brodersamfunnet, Brødsbrytinga og Bønnene! Det er like fullt slik at B-en kan vera utgangspunktet for nokre refleksjonar. Det er på grunn av Bibelen at Misjon Sarepta overtek eller kjøper drifta av Bjorliheimen Hotell og Møtesenter. Ikkje slik å forstå at vi kan lesa i Bibelen at Sarepta skal kjøpa Bjorliheimen, men hotellet skal stå i teneste for Bibelen. Det er heile poenget med at Sarepta vil føra vidare det arbeidet som har vore gjort ved Bjorliheimen i 50 år, og i siste perioden ved Sveinung Lianes sin imponerande innsats.

Sarepta vil føra vidare Bjorliheimen som eit avhalds- og misjonshotell, der Bibelen er styrande for det som skjer på huset, og der Guds Ande får råda. Det er i seg sjølv viktig. I tidlegare tider hadde Noreg fort langs svenskegrensa, og litt utanom forta hadde ein «utanomverk». Dette var små forsvarsanlegg som skulle få den første kontakten med fienden, og gje beskjed til hovudfortet om at dei hadde kontakt med fienden og opphalda denne litt. Slik er misjonshotell «utenomverk» i forhold til den kristne forsamlinga og forkynninga. På slike hotell kan ein få den første kontakten med folk utanom kristne samanhengar, møta dei med kristen omsorg og vitnemål og med det leia dei i retning forkynning og kristent samfunn, gjerne via kristne arrangement på hotellet.

På Bjorliheimen vil vi leggja vekt på informasjon om Sarepta sitt arbeid, både i Noreg og Spania – og andre stader ein forkynner Bibelens ord, og vi vil selja kristen litteratur. Vi vil også prøva å få til andakt og bønn for gjester og tilsette, slik vi har morgonsamlingar på Centro Sarepta, og gjerne møteverksemd for gjester, lokalfolket og hyttefolk. Vi er i planleggings- og startfasen for Sarepta sitt arbeid på og ut frå Bjorliheimen, så det er mykje som enda ikkje er på plass, men det er mange tankar og planar.

Sarepta har som eit slagord å skapa møteplassar mellom folk og Guds ord, altså menneske og Bibelen. Det vil ein kunna gjera slik eg har skrive ovafor, men enda meir ved ulike typar arrangement. Det har det vore til no, og vi satsar på å utvida dette. Vi har sett ned ein komite som skal koma med ein plan for kva arrangement vi skal satsa på, og når vi skal ha dei. Det vil verta laga som eit årshjul for dette. Det er tanken å ha arrangement for vil alle aldersgrupper og for familiar. Tilsvarande vil hotellet vera ope for andre kristne arbeidslag som vil ha møte, konferansar, leirar, konfirmantgrupper og kva det ellers måtte vera, der. Også ikkje-kristne grupper av byggande karakter vil vera velkomne, og få møta kristen ånd på hotellet, og gjerne få personlege åndelege samtalar. Kanskje vi også kan få til overføringar av møte på kristne tv-stasjonar?

B-en vil få særleg trykk ved at vi ønskjer å starta Bibelskule ved hotellet. Den tenkjer vi å driva på ein slik måte at vi ikkje treng statsstøtte, men der elevane betaler omtrent som ved andre bibelskular. Hotellet er så stort og har så varierte og gode fasilitetar at vi kan ha ei gruppe elevar samstundes som vi driv hotellet på ordinært vis med tanke på gjester og inntekter. Vi vil raskt setja ned ei arbeidsgruppe som får på plass ein konkret plan for bibelskule. Det kan gjelda kortbibelskule frå eit par veker til eit semester, og det kan gjelda bibelskule for eit vanleg skuleår, gjerne med ein del av undervisninga på Centro Sarepta og med misjonsturar i Spania og til Marokko eller i Norden. Korleis opplegget vert, får vi sjå ut frå kva vi får tru for ut frå ressursar og det vi finn tenleg for misjonsarbeidet. Personleg har eg svært stor tru på eit slikt bibelskuleopplegg, og eg trur det er viktig at det vert etablerte eit slikt tiltak uavhengig av statsstøtte. Då vil ein vera både økonomisk, ideologisk og praktisk fri til å arbeida som ein ønskjer og der ein kan kombinera ulike opplegg som ein vil, slik som ved bibelveker og evangeliske aksjonar.

Sarepta har ikkje kjøpt eigedomen som utgjer Bjorliheimen, men vi har kjøpta drifta, og baserer denne på leigeavtale med eigedomsselskapet, og det trur vi er ei god ordning. Som vi har kjøpt driftsselskapet utan å bruka av Sarepta sine midlar, skal også drifta vera sjølvfinansierande, og aller helst slik at hotellet på ulike måtar tilfører ressursar og midlar til Sarepta sitt misjonsarbeid. Det kan skje ved arrangement og møteverksemd på hotell, ved team som ein har på opplæring og som deltek i arbeidet og ved forkynning i Bjorliheimen si omegn.

Vi ber altså ikkje om midlar til drifta av Bjorliheimen, men vi bed om arbeidskraft. Rett nok skal hotellet i utgangspunktet drivast kommersielt med lønna personalet, men i den grad vi kan få hjelp av frivillige og ulønna medarbeidarar, vil det gjera det mogleg å få gjort meir misjonsarbeid ved heimen. Det kan vera vertskap ved arrangement, folk som er der ei veke eller to-tre veker og hjelper til i resepsjonen, er nattevakter, hjelper til med forefallande arbeid og tek seg av gjestene, slik at Bjorliheimen med rette ber namnet «heim». Det kan også vera vedlikehaldsarbeid og anna praktisk arbeid.

Vil du bidra på denne måten for at dei to B-ane skal realiserast, så ta kontakt. Og aller viktigast: La det også verta ein tredje B – Bønn!

Vi satsar på eit par arrangement på Bjorliheimen allereie til hausten, og så fylgjer det på meir frå nyttår. Bibelskulen må vi nok venta med til hausten-26. Vi håper du tek turen til denne vakre staden og vakre naturen, og opplever Bibelen og Bjorliheimen!

Johannes Kleppa