17. mai – Noreg og Israel

17. mai omtalar vi som Noregs nasjonaldag. Denne dagen definerer på mange måtar kva land Noreg er, og det går tilbake til Grunnlova vi fekk i 1814. Då Israel vart oppretta, vart landet definert som ein nasjonalheim for det jødiske folket. Det nasjonale er altså definerande, men det kan vera på ulike måtar. I Noreg har dette vore ut frå kristen tru og tenking. I Israel er det ut frå jødisk tru og tenking. I praksis er begge landa svært sekulære, men det ligg eit historisk og kulturelt grunnlag i botnen.

Noreg ligg i eit fredeleg hjørna av verda, medan Israel konstant er i ein krigssituasjon eller under trugsmål av krig. I Noreg har vi ein sterk tendens til å vita best i heile verda korleis ting bør gjerast og kva som er rett og galt. Det har ført med seg ein formidabel kritikk av Israel og landets krigføring i Gaza. Det er eit ord som seier at den som har skoen på, veit kor han trykker. Det synest ikkje å gjelda for Israel. Der er det vi som symbolsk sett kan går berrføtte, som veit korleis Israel bør tenkja og handla.

Det gjeld i stor grad politikarar og riksynsarar, men det merkelege er at biskopane, som ut frå bibelske kunnskap og kristen tenking burde vita betre, er i fremste rekkje i kritikken av Israel. Alt Bibelen seier om Israel og alt kyrkja lærer om rettferdig krig, synest å vera gløymt eller gått ut på dato når biskopane uttaler seg om situasjonen i Midtausten. Hamas sin terror og Hamas sin måte å føra krig på og undertrykka folket sitt på, forsvinn ut av biletet. Den som vil sjå reelt på situasjonen i Gaza, veit at dersom Hamas legg ned våpna og let Israel i fred, vert det fred. Israel er ikkje den aktive og provoserande parten i krigen, men den som forsvarar seg mot utrydding og som vil fred.

I si tid var det via FN at Israel vart opprett som nasjonalstat for jødane, men det merkelege har skjedd at no er FN det organet i verda som er mest israelkritisk, og som i minst grad tek Hamas på alvor. Ein gjennomgang av ei mengd med rapportar frå FN-samanhengar, viser dette til fulle. Den som har skuld for situasjonen, vert ikkje gjort ansvarleg, men den som er angripen, får kritikken. Diverre er Noreg eit av dei landa som er mest aktiv i denne samanhengen og med slike synspunkt.

Då Noreg i 1814 fekk si grunnlov, var denne på mange område svært god og framsynt, med eit par unnatak. Den store skampletten var jødeparagrafen som forbaud jødar adgang til landet vårt. Sjølv om denne paragrafen etter eit tid vart oppheva, levde det ei antijødisk haldning som slo seg ut under andre verdskrigen, der nordmenn stort sett stelte seg slik at jødane vart eit lett bytte for den nazistiske okkupasjonsmakta. Etter at staten Israel var oppretta var det nokre tiår stor støtte i landet i landet vårt til den nye staten, men så snudde det radikalt og brutalt. I det bibeltru kristenfolket synest støtta framleis å vera stor, heldigvis.

I det vi feirar vår nasjonaldag, bør vi tenkja på kva det betyr for det jødiske folket å ha ein nasjonalheim. Vi bør også tenkja på den negative arven vi har i folket av antisemittisme, og vi bør tenkja på det bibelske ansvaret vi har for jødefolket.

I det vi feirar nasjonaldagen bør vi også tenkja på den velsigninga kristen tru og tenking har vore for det norske folket. Det er ingen ting som har løfta det norske folket meir enn Guds ord og kristen tru. Det synest no ikkje berre å vera gløymt, men å vera fornekta. No er det opplysningstida og naturvitskapen med evolusjonslæra i spissen som får æra for alt som vert oppfatta som positivt, medan kristendommen får skulda for det negative. Guds ord skal difor haldast på ein armlengdes avstand, særleg overfor born og ungdom i opplæring og undervisning. Då snur ein det heile på hovudet og rettar bakar for smed.  

I det vi minnest vår kristne arv, må vi også hugsa at denne kjem frå det jødiske folket. Jerusalem er arnestaden for både jødiske og kristen tru og tenking, men ikkje for islamsk, som nokre vil ha det til. I det vi på nasjonaldagen løfter fram vår kristne arv og velsigninga av denne, bør vi også løfta fram og velsigna det jødiske folket og deira nasjonalheim Israel.

Johannes Kleppa