Paven og den katolske kyrkja

Som nok alle har fått med seg, døydde pave Frans for kort tid sidan, og det er vald ny pave. Dette har fått store oppslag i media, og både TV2 Og NRK hadde omfattande reportasjar og mange kommentarar knytt til pavens død og gravferda. Det kan gje grunn til litt ettertanke, og til litt refleksjon kor fokuset var, og kva kommentarane gjekk ut på. Det vitnar i det minste om at religion og kristentru ikkje høyrer fortida til.

Valet av ny pave har også fått oppslag, og det er referert litt kva han står for og har engasjert seg i, blant anna at han har kritisert visepresidenten i USA for ei utsegn om korleis kjærleiken skal utfalda seg. For første gang er det ein pave frå USA.

Det som har vore i fokus når det gjeld pave Frans, er hans enkle livsstil og hans engasjement i sosialetiske spørsmål, særleg med tanke på fattige, og hans engasjement overfor folk som fell utafor i samfunnet. Han har dessutan kome med nokre tvitydige utsegner når det gjeld homofili og likekjønna ekteskap. Det har sjølvsagt media løfta fram i tråd med dei rådande tankane i tida. Det kontroversielle rundt dette i pavekyrkja, har i mindre grad kome fram. Paven har vorte framstilt som progressiv, i den grad ein pave kan vera det ut frå ei allmenn forståing av ordet. Korleis den nye paven vil profilera den katolske kyrkja, står att å sjå.

Ein kan vurdera pave Frans på ulike måtar og frå ulike sider, og vurderinga vil vera avhengig av kriteria for denne. Det som er sikkert, er at ein pave i romerkyrkja i lita grad kan endra kyrkja, særleg i læremessige spørsmål. Til det ligg tradisjonen for fast. Rett nok kan paven ex katetra fastslå katolsk lære, men det skjer uhyre sjeldan, og han kan berre fastslå som offisiell lære det som ligg i tradisjonen. Han kan ikkje endra på noko som tidlegare er fastslått ex katetra eller som kyrkjekonsil har vedteke. I praksis betyr dette for noverande pavar at dei må halda seg innafor det som Det andre vatikankonsilet vedtok på 1960-talet. Pave Frans har her tolka nokre utsegner i liberal retning, særleg det som gjeld frelse i dei ulike religionane.

I samband med pavens død og val av ny pave, har det også vore ein viss diskusjon om kva pavekyrkja står for, særleg sett opp mot det som skjedde ved reformasjonen, det vi kallar reformatorisk eller protestantisk kristendom. Sjølv om det er forskjellar mellom dei kyrkjesamfunna som stammar frå reformasjonen på 1500-talet etter som har kome til seinare, er det nokre grunnleggjande spørsmål som skil frå katolsk kristendom. Dei læremessige posisjonane har ikkje endra på dei 500 åra som har gått.

Etter mitt skjønn er det to grunnleggjande lærespørsmål der skilnaden kjem til uttrykk. Det eine gjeld læregrunnlaget, altså Skrifta sin posisjon. Det andre gjeld frelsespørsmålet, primært det som har med rettferdiggjeringa å gjera. Det er også mange andre viktige spørsmål, slik som læra om jomfru Maria og helgenane. Realiteten er at alle spørsmål på ein eller annan måte står i forhold til læregrunnlaget og frelsesspørsmålet. Her har ikkje pave Frans endra på noko som helst, og det kjem heller ikkje den nye paven til å gjera.

Det økumeniske klimaet er slik at ein fører ein mjukare språkbruk enn før, og ein framhevar i større grad det ein er samde om. Haldning og tone er annleis enn på reformasjonstida, men læra er den same. Det har positive sider ved seg at ein viser større forståing og respekt for kvarandre, men dersom – og når – det fører med seg at ein nedtonar lærespørsmål og det at læra er viktig,  er det negativt. Det fører nemleg i praksis til at forpliktinga på Guds ord vert redusert og at forkynninga vert mindre klar og skarp.

Så lenge lutherdommen held fast på læreprinsippet om Skrifta åleine og den romersk-katolske kyrkja legg Skrifta og tradisjonen til grunn som likeverdige som grunnlag for læra, kan ein ikkje verta samde. Så lenge den katolske kyrkja held fast på messeofferet, at presten er offerprest og skjærselden, kan ikkje den katolske læra om rettferdiggjøringa sameinast med luthersk og reformatorisk lære om rettferdiggjering ved tru. Dette er det mest avgjerande og skiljande mellom katolsk og luthersk kristendomsforståing. Det vil gjelda same kven som er pave.

Johannes Kleppa