Sofie Braut skreiv nett ein kommentar i Dagen om si oppleving av årets Kyrkjemøte. Som vanleg var kommentaren godt formulert, rett på sak og til ettertanke. Ho refererte preses blant biskopane på ei utsegn om at det berre er statuar som ikkje endrar meining, så det hadde han også gjort i ei aktuell sak. Det har godt svært raskt med meiningsendring i Den norske kyrkja (Dnk) den siste generasjonen, så det er nok smått med statuar der.
Braut kommenterte utsegna slik: «Det tør vera lite frykt i kyrkja for å bli oppfatta statue-aktig. Kjennemerket på kyrkja i seinare tid er vel snarare ein tilpassingsiver som grensar mot formløyse.»
Statuar kan vera fine, men det er ikkje liv i dei, så slik sett har det lite føre seg å samanlikna levande menneske med ein statue, sjølv om det kan vera fiffig og underhaldande. Eg kan heller ikkje koma på noko bibelvers der kyrkja eller kristne er samanlikna med ein statue, men derimot er det tale om ei «støtte». Apostelen Paulus skriv at Guds hus skal vera «støtte og grunnvoll» for sanninga. Det burde vera idealet for preses og alle andre med leiar- og forkynnaransvar i Dnk. Det går rask galt om ein driv og flyttar på støtter, og om ein driv og undergrev grunnvollen.
Diverre er det slik i Dnk og mykje av fagteologien at ein ikkje berre seier seg ikkje å vera statue, men ein unndreg seg også oppgåva som støtte og grunnvoll. Ein overlet sanninga til tidsånda, dei rådande tankane i tida, eller til det som «klør i øyra», som Skrifta uttrykkjer det. Eller som Braut skriv, ein viser ein «tilpassingsiver som grensar mot formløyse». Det heile vert åndeleg og læremessig utflytande.
Det er greit nok å tilpassa seg ytre forhold og srukturar i tida. Det bør ein faktisk gjera, om ein ikkje skal verta som ein statue. Problemet er når ein tilpassar seg i teologiske, åndelege og ideologiske spørsmål, og det er det som faktisk skjer i Dnk. Det synest som det er langt mindre vilje og evne til endring og tilpassing i praktiske, organisatoriske og administrative spørsmål enn i teologiske. Der ein burde vera tilpassingsdyktige, er ein rimeleg konservative og statue-aktige, medan der ein burde stå fast, flyt ein med tida. Ein er åndeleg formlaus.
Dette er noko av den verkeleg store utfordringa i tida. Leiarskapet i Dnk er ikkje støtt og grunnvoll for sanninga. Det er nesten som ein kan seia at dei er som statuar som flyt med tidsånda. Dei meiner mangt og mykje, men dei står ikkje opp for sanninga etter Guds ord. Det er greit å skifta meining, men åndelege leiarar skal ikkje gjera det i saker der Skrifta har definert sanninga. Der er ein forplikta på Gud. Då er ein ikkje statue, men støtte.
På Centro Sarepta har vi nett hatt nokre timar med undervisning i apologetikk, som er eit fag om forsvar for kristentrua. Det er ikkje Gud som skal forsvarast, men sanninga. Det gjer ein, som apostelen Paulus seier, ved å riva ned tankebygningar som reiser seg som festningar mot Guds ord, og ved at ein tek sin tanke til fange i lydnad mot Kristus, altså reiser tankebygningar i samsvar med Guds ord og til forsvar for sanninga. Det trengst i sanning både i bispekollegiet, på Kyrkjemøtet og i kristenfolket generelt.
Johannes Kleppa