Espen Ottosen har i Dagen skrive ein lærerik artikkelserie som går på den teologiske utviklinga som har vore ved Menighetsfakultetet (MF). Det er ein viktig serie som både dokumenterer, analyserer og vurderer utviklinga. Han har intervjua Vidar Haanes, som har vore rektor ved MF dei siste 20 åra, altså i den perioden der den teologiske liberaliseringa verkeleg har skote fart. Ottosen samanliknar utviklinga på det norske MF med situasjonen på dansk MF, der han også har intervjua rektor.
Dette er ein reportasje- og kommentarserie som ikkje berre fortel og dokumenterer ei historie, men som er til ettertanke og lærdom for notida og framtida, om ein vil unngå tilsvarande utvikling som på MF. Det gir seg sjølv at det ikkje er berre ein grunn til utviklinga på MF, der ein har gått frå å vera ein teologisk konservativ lærestad til å vera ein svært liberal institusjon, frå å vera ein institusjon i kamp mot liberal teologien til å vera ein lærestad utan teologiske grenser, altså ein teologisk oppløysande institusjon.
Samanlikninga med dansk MF gir nokre tankevekkande moment. Dansk MF har aldri fått ei krone i statsstøtte, men baserer seg berre på gåver frå kristenfolket. Institusjonen har også alltid hatt akademisk motvind ved at dei ikkje har fått formell godkjenning i Danmark for utdanninga. Dansk MF har med det måtta kjempa for sin eksistens, og institusjonen er avhengig av tillit i kristenfolket. Norsk MF har fått ein sterk akademisk posisjon med stor breidde i studietilbod, og dei lever praktisk talt berre på statlege midlar. Gåveinntektene er nesten symbolske. Det er lite kontakt med det arbeidande kristenfolket i landet, og ein er ikkje avhengig av tillit frå kristenfolket.
I kor stor grad statleg støtte og offentleg anerkjenning er grunnen til utviklinga ved MF, er det ulike oppfatningar av. Faktum er like fullt at det er i den perioden institusjonen har hatt statsstøtte at utviklinga i hovudsak har skjedd, og det er i den perioden MF har fått ein sterk akademisk posisjon, at det verkeleg har gått i liberal retning, og rektor seier utviklinga er vilja.
Økonomiske støtte og offentleg anerkjenning treng ikkje føra til teologisk liberalisering, men det ligg ein dynamikk i den retninga. Det er difor grunn til å vera på vakt mot at det skal skje. I den grad det er mogleg, er det også viktig å byggja opp kristne institusjonar, særleg med tanke på kristendomskunnskap og teologi, som er uavhengige av offentleg anerkjenning og statsstøtte.
Eit anna moment er det å fylgja utviklinga i tida, altså dei filosofiske, ideologiske og teologiske trendane og skuleretningane som til ei kvar tid råder. Dette skjer ofte utan at ein er seg det medvite, i alle fall i starten. Det er på toppnivå, altså blant professorar og ved universiteta, dette startar og har drivkrafta si, og sig så nedover i alle ledd og ut i folket.
Dette fører til at styresmakta ofte krev at ein fylgjer det som er rådande i samfunnet for å få godkjenning og statsstøtte. Dette ser vi i dag svært tydeleg. Ein opplever raskt å vert sett på som bakstreversk og utdatert om ein ikkje fylgjer det rådane i tida, tidsånda. Dette er overtydeleg når det gjeld spørsmålet om kvinnelege prestar og tenestedeling, men no også svært tydeleg når det gjeld kjønn og samliv, men også på andre område. Det krevst svært mykje å stå imot dette, og ein må vera seg det veldig medviten.
Alt dette er viktige moment for å motstå ei liberal og åndeleg negativ utvikling. Dette formulerer rektor ved dansk MF slik: «Min vurdering er at det som betyr mest for linjen vår, er ansettelsene vi gjør og de styremedlemmer som utpekes. Det betyr mer enn formålsparagrafer og formuleringer av verdigrunnlag.»
Dette trur eg han har heilt rett i. Det er viktig nok med tydeleg formulert verdigrunnlag og formålsparagraf, særleg med tanke på å ha noko å visa til og forplikta på ved tilsetjingar, På den måten kan ein få skrella bort dei som ikkje høyrer heime ved institusjonen. Verdigrunnlag og føremålsparagraf kan samstundes verta som ei sovepute, der ein tenkjer at alt er bra, fordi ein har dei rette formuleringane på plass. Det viktigaste er styret og tilsette, fordi det er desse som i praksis formar og pregar institusjonen.
Dei som vel eller oppnemner styret, har med det stort ansvar. Ein må velja folk som står for det institusjonen står for, og er i stand til å fremja denne sitt grunnlag og føremål, særleg ved tilsetjingar. Det er dei tilsette som i alle sterkast grad pregar institusjonen, og det er difor ved tilsetjingar ein peikar ut den lina som skal fylgjast. Nokre gonger kan det vera nok med lojalitet til institusjonen, men generelt må tilsette vera eitt med det institusjonen står for og aktivt fremja dette. Tilsette som ikkje kan gjera det, bør stille og roleg trekkja seg tilbake.
Vi bør altså henta lærdom av det som har skjedd ved MF, særleg med tanke på styresamansetjing og styret sin funksjon, og med tanke på tilsetjingar og tilsette sin åndelege ståstad og deira funksjon.
Johannes Kleppa