Det har i lengre tida vore slik at vi har sagt at den teologiske vranglæra i vår tid primært gjeld etiske spørsmål, men etter kvart viser det seg at det i like stor grad gjeld dogmatiske spørsmål. Dette er naturleg, fordi der ein løyser seg frå Bibelens autoritet og forplikting på dei bibelske tekstane, der vil det raskt slå ut over heile lina av aktuelle spørsmål i tida, anten det gjeld etikk eller dogmatikk. Dei lærepunkta som er under press av tidsånda, vil falla eller verta omtolka i samsvar med det tidsånda, altså dei rådande tankane i tida, krev.
I fleire tiår no har det dreidd seg om svært sentrale spørsmål som gjeld samliv og ekteskap, og med det skapinga og Guds skaparordningar. Når det no har slått over også på dogmatikken, går det rett inn i sentrum: frelsesspørsmålet. Det gjeld både korleis ein vert frels og kven som vert frelst, om det finst noko fortapinga eller ikkje, og kva denne i så fall går ut på. Når ein rokkar med sjølve sentrum og kjernen i kristentrua, kjem også spørsmålet om dei ulike religionane i spel. Er kristendommen eksklusiv eller ikkje, og i kva grad og på kva måte kan representantar for andre religionar opptre i kristen samanheng?
Det siste har vi nett no sett særleg knytt til islam. Det gjeld feiring av religiøse festar og imamar si deltaking i kristne sermoniar, like inn i vigsling av ein biskop. Når representantar for islam, særleg imamar, opptrer med bønn eller deltek på anna visa i gudstenester eller andre kristne arrangement, skjer det religionsblanding. Det same skjer når ein dreg feiring av islamske festar inn i ein kristen samanheng. Dette nyttar det ikkje å bortforklara, samen kor dialogorientert og positiv overfor andre menneske ein ønskjer å vera.
Religionsblanding er brot på det første og andre bodet, og med det er det blasfemi. Det er alvoret i saka, og det kan ein ikkje snakka seg bort frå. Det kviler altså stort alvor over dette, og det kviler tilsvarande stort ansvar på dei som praktiserer det, og slik dreg framand åndsmakt inn i Guds hus. Vi må hugsa at dei ulike religionane, inkludert islam, driv med avgudsdyrking, og åtvaringa mot det er svært sterk i Bibelen. I Israels historie ser vi svært tydeleg kva negative konsekvensar det fekk.
Det gamle testamentet er svært tydeleg på at Herren er Gud, og at det ikkje finst andre gudar. Den sanne Gud har openberra seg som Israels Gud, og det er berre han som skal tilbedast.
I Det nye testamentet er dette enda tydelegare, fordi her har Gud openberra seg enda tydelegare enn i GT, og då som den treeinige Gud – Faderen, Sonen og Anden. Nokon slik Gud finn ein ikkje nokon annan stad enn i openberringa i Skrifta. Det seiest også svært tydeleg at den einaste vegen til Faderen, den sanne Gud, er Jesus Kristus. Det er ikkje mogleg å koma til Gud utan gjennom Jesus og hans frelsesverk. Han er vegen, sanninga og livet. Ein utvidar ikkje den åndelege dimensjonen eller gudsdimensjon ved å dra inn andre religion, slik som islam. Derimot øydeleg og undergrev ein gudsopenberringa og gudsforholdet.
Det er ufatteleg at biskopar, prestar og teologiske professorar ikkje ser dette. Tidsånda og viljen til inkludering har gjort åndeleg blind. Er det ingen i bispekollegiet som ser og er i stand til å ta oppgjer med dette, og kor er dei prestane og aktive kyrkjefolk som i det offentlege rommet markerer ei sann bibelsk haldning til religionane og religionsblandinga? Vi må hugsa at i all gudsdyrking utanom Jesus Kristus, sann Gud og sant menneske, forsonar og frelsar, Herre og Messias, er det eit element av demonisk åndsmakt.
Det har lenge brote på djupt vatn i fagteologien og i Den norske kyrkja, men det bryt på stadig djupare vatn. Dette må alle som vil halda oppe ei sann gudsforståing basert på openberringa i Bibelen, vera vakne for. Ein må stella seg slik at ein ikkje vert medskuldig i religionsblanding. I alt sant misjonsarbeid er dette ekstra viktig.
Johannes Kleppa