Å lesa Skrifta i sin samanheng

Bibelen er ei svært rik og allsidig bok, men gjennom alt er det ein samanfallande bodskap. Det vert sagt at ikkje noko skriftord er gjeve til eiga tyding, men at alt er drive fram av Den Heilage Ande. Det er ein indre samanheng, samstundes som dei ulike tekstane står fram med sin eigen tyngde. I det store og heile skal Skrifta lesast og tolkast etter si litterære og bokstavlege meining, men nokre gonger er det tydeleg at teksten er symbolsk eller typologisk å forstå. Det er viktig å lesa Guds ord slik det stig fram i ulike litteraturtypar og i sin samanheng.

Det hender vi les Ordet etter «mannakorn-metoden» fordi vi treng eit ord, og satsar på at det vi slår opp, er det vi treng inn i situasjonen. Det hender kanskje enda oftare at vi hentar enkeltord og tekstavsnitt ut av samanhengen dei står i, og brukar dei  direkte inn i tida eller inn i vår livssituasjon. Begge desse lesemåtane kan fungera, og Ordet har fått verka på denne måten, men det bør ikkje vera hovudtypane for bibellesing.

Dei ulike bibelorda står ikkje lausrivne eller som i eit vakuum, men dei står i ein samanheng. Det kan vera ein sakleg samanheng eller ein historisk samanheng – eller begge delar. Dette gjeld ikkje minst lovnader og formaningar til Guds folk. Ved at vi les og tolkar tekstane ut frå samanhengen, vil dei ofte får større tyngde enn når vi les dei lausrivne. Det gjeld inn i det personlege livet og for Guds folk i dag generelt.

Eg skriv desse linene på Centro Sarepta, og her har vi denne veka hatt nokre glimt frå Johannesevangeliet og vi har gått gjennom Klagesongane. Den siste boka er det ikkje så ofte vi går gjennom i ein bibeltimeserie, men vi hentar gjerne fram nokre vers om Guds nåde og miskunn, utan å sjå dei ut frå samanhengen dei er talte inn i. Det kan vera til hjelp og oppbygging, men dei får ekstra tyngde ut frå den historiske situasjonen dei er skrivne i.

Det vil føra for vidt her å gå grundig inn i Klagesongane og deira historiske plassering, men dei er skrive i tilknytting til jødefolket sitt eksil i Babylon. Dei må difor lesast ut frå den samanhengen. Denne boka er truleg skriven av profeten Jeremia, og bør med det lesast saman med profetboka hans, og det han der skriv om Israel og eksilet. Då kjem domsforkynninga og kallet til omvending klart fram, men også syndserkjenninga og lovnadene – kanskje særleg det siste.

Israel var i ein frykteleg vanskeleg og dramatisk situasjon på denne tida. Det var både nasjonal og religiøs krise og katastrofe. Alle Guds lovnader syntest å ha gått ut på dato, og det syntest som at folket hadde Gud imot seg. Jerusalem og templet var lagt i ruinar, offertenesta var opphøyrd og prestane var arbeidsledige, Israel var utan ein konge av Davids ætt og dei var borte frå landet sitt i eksil i Babylon. Alt dette var i strid med det Gud hadde lova, og med det var også lovnadene om Messias, Herrens tenar, opphøyrde. Det var inga frelse. Situasjon var slik sett etter sitt ytre og slik folket opplevde det, totalt håplaus. Gud hadde likevel ikkje forlate dei, men han hadde kontrollen og han hadde hand om framtida.

Inn i denne situasjonen talar Gud om at hans nåde og miskunn ikkje tek slutt, men er stadig ny (Klag 3. 21-26), og han talar om fredstankar, framtid og von for Israel (Jer 29. 10-14) – altså stikk i strid med slik alt såg ut. Når Gud kunne tala dette inn i den situasjonen Israel var i og visa at det stemte, kan han gjera det også i vår situasjon. Når vi les slike tekstar ut frå sin samanheng, og så tek dei inn i situasjonen vår, får dei ekstra tyngde. Det svarar seg altså å arbeid grundig med Skrifta, slik at Ordet får stiga fram med all sin tyngde og aktualitet, med formaning og trøyst.

Johannes Kleppa