Nokre gonger er det trong for å slå fast det sjølvsagde, og i dag er det dette: Gud har kontrollen. Han sit framleis på allmaktstruna, og han styrer ut frå sin heilagdom, si rettferd og sin kjærleik. Det heile skjer på basis av at Gud er Skaparen, og på basis av Jesu fullkomne frelsesverk, der han sigra og synda, døden, verda og djevelen. Det er Jesu naglemerka hender som utøver Guds allmakt.
Dette er sant til alle tider, og det kan vera nødvendig å løfta det fram og slå det fast i vår tid, som opplevest som svært uroleg og usikker. Ved krigen i Ukraina og Midtausten har det vore usikre tider i fleire år, og dei siste vekene synest det for Europa å ha vorte stadig meir usikkert. Eg skal ikkje her gå inn i det som skjer på det politiske planet eller det som har med fredsforhandlingar å gjera. Eg vil berre peika på at både politikarar, ekspertar og kommentatorar av alle slag synest å vera svært forvirra. Utsegner går i alle retningar. Nokre brukar svært sterke ord, og andre seier vi får venta å sjå. Frå USA kjem det stadig nye og sprikande signal.
Eg skal ikkje prøva på å gje noko fasitsvar i situasjonen, og det finst truleg heller ikkje her på jorda. I himmelen finst det. Med tanke på det som skjer i verdsituasjonen og no særleg knytt til Europa og Ukrania, kan vi læra av Daniels bok. Denne boka lærer oss tydeleg at Gud har kontroll, og at han i si styring av verda brukar den han vil, inkludert svært ugudelege og brutale folk. Daniels bok er kanskje den mest dagsaktuelle av alle Bibelens bøker, og den mest trøystefulle i dagens situasjon.
Gud brukte ugudelege og brutale kongar som Nebukadnesar og Kyros til å dømma og straff Israel, og til å frigjera og frelsa dei. Samstundes vart også desse straffa for si ugudelege framferd. Dei fekk heller ikkje styra så lenge dei ville, men så lenge Gud bestemte. Det står rett ut: «Gud set kongar av og set kongar inn.» (2,21). Det viser denne boka også realiteten av. Sjølv om vi ikkje kan avgjera til ei kvar tid kven Gud set av og set inn, eller kvifor han gjer det, skal vi halda fast på dette overordna perspektivet. Gud har i Daniels bok openberra for oss at han gjer det, men han har ikkje openberra inn i vår tida korleis han gjer det, eller korleis vi skal tenkja om dei ulike statsleiarane. Vi har å halda oss til kristen røyndomsforståing og kristen etikk, ikkje minst det Bibelen seier om styresmakta, jfr. Rom 13.
Det er ein situasjon i Daniels bok der kong Nebukadnesar bed vismennene sine fortelja kva han har drøymt og tyda draumen. Det seier vismennene er umogleg for menneske å gjera, og at det er berre gudane som kan gjera det, og dei har ikkje sin bustad hjå menneska. Seinare gjev Daniel dei på mange måtar rett i det, men han kan gjera det kongen bed om, fordi Gud i himmelen openberrar det for han (kap 2).
Det er altså mykje her på jorda vi menneske ikkje har noko kunnskap om eller innsikt i, og difor kan vi ikkje talar sikkert. Det ser vi for tida det eine døme på etter det andre når statsleiarar på ulike nivå og i ulike land skal uttala seg. Det lyser forvirring av dei, og orda viser at dei ikkje veit vegen eller kva som vil og bør skje. Det er forståeleg, fordi dei har ikkje openberring frå himmelen inn i den dagsaktuelle situasjonen. Det ville vore ei hjelp og fordel om dei hadde erkjent dette, og samstundes erkjent at Gud har kontrollen og lagt det heile i Hans hand.
Det at Gud har kontrollen, skal ikkje gjera oss passive og likegyldige. Det at vi ikkje har kontrollen, skal heller ikkje gjere oss motlause og fortvilte. Derimot skal det føra oss til Gud, der vi kan kvila trygt i hans hand og arbeida ut frå det. Det ultimate uttrykket for at Gud har kontrollen, ligg enda i framtida og er knytt til Antikrist og hans rike. Gud vil på sin måte nedkjempa dette verdsriket og terrorriket og oppretta sitt tusenårige fredsriket på jorda, for etter det å skapa ei ny jord og ein ny himmel, eit nytt univers, der rettferd bur.
Johannes Kleppa