Området som Gaza utgjer, har vore eit uroleg område i uminnelege tider. Frå Israel vart oppretta i 1948 og fram til i dag har det stadig vore terror, intifada og krig knytt til denne vesle landstripa. Det er eit uhyre lite område geografisk sett, og det er ikkje stor folkesetnad heller, sjølv om folket bur tett. Det er utruleg at eit slikt lite og uroleg område skal påkalla nesten heile verda si merksemd. Den eine statsleiaren etter den andre har sett seg som mål å ordna opp, men ingen har klart det. No er det president Donald Trump som er på banen, og som vanleg på anna vis enn alle andre.
Eg skal ikkje ha sterke meiningar om Trump sin plan og realismen i denne, men eg vil reflektera litt rundt situasjonen. Alle initiativ og planar til no har gått omtrent i same sporet, og det er å byggja på det som er i Gaza, og det inkluderer Hamas. Dette har vist seg å vera dødfødt, i Vesten er det likevel stor vilje til å gå vidare på same vegen, og Noreg synest å vera utan evne til å tenkja i nye banar. Derimot kjører ein seg stadig djupare ned i spor som ikkje fører fram, og som har ført oss inn på eit sidespor i forhold til Israel, og faktisk til den jødiske minoriteten i landet vårt. Regjeringa med utanriksministeren i spissen synest å vera blind i denne spørsmålet.
Om Trump sin plan er realistisk, veit eg ikkje, men han tenkjer i alle fall nytt og vil prøva ei ny løysing, og det synest som at han har stor støtte i Israel for initiativet. Han vil altså flytta det meste av folket ut av området, for så å rydda opp både i forhold til Hamas og materielt sett. Etter å ha bygd området oppatt som ei perle innerst i Middelhavet, kan folk koma dit og bu under gode kår. Dei som må flytta ut, skal også få det bra der dei kjem. Kanskje er dette eit luftslott, men det treng ikkje vera det.
Det er slik at det aller meste av folket i Gaza er definerte som flyktningar, og deira flyktningstatus – saman med alle flyktingr får Israel – er definert på ein annan måte enn for alle andre flyktningar. Dei er permanente flyktningar og etterkomarane arver flyktningstatusen. Det er altså ikkje snakk om integrering i Gaza eller andre stader, slik at dei får byggja seg opp som del av eit samfunn. Gaza vert halde oppe som eit permanent flyktningsamfunn. Den einaste måten å få oppheva flyktningstatusen på, er i realiteten at dei får koma til Israel og får alle rettar der, som om dei var jødar. Det er altså eit flyktningproblem som slik sett berre kan løysast ved å oppheva Israel som jødisk stat. Dette held Vesten, arabarlanda og FN liv i.
I denne situasjonen kjem Trump med eit radikalt grep. Han vil flytta folket i Gaza til nabolanda. Dei som vert definerte som «palestinarar» er jo reelt sett arabarar, og slik sett har dei ikkje spesiell tilknytting til Gaza. Det var heller ikkje slik at alle dei som flykta frå Israel, etablerte seg i Gaza. Det er flyktningar i andre land også, og slik sett kan også dei som er i Gaza flytta til andre land. Etter den flyktningstatusen dei per definisjon har, vil det vera det same kor dei er.
Det paradoksale er at samstundes med at folket i Gaza vert definerte som flykningar, vert Gaza-stripa definert som deira heimland. Det er der dei no høyrer til, og ingen andre stader. Dette er jo ulogisk, fordi ein flyktning nettopp ikkje er i sitt heimland, eller der han høyrer til. Om han er den eine eller andre staden, er slik sett underordna. Det er i stor grad eit spørsmål om kva som er mest praktisk og økonomisk beste. No er situasjonen i Gaza de facto ingen god stad å vera, og det vil vera svært dyrt og vanskeleg å byggja det opp til ein stad med gode livsvilkår. Så lenge Hamas har makta der, er det i praksis umogleg.
Det store og eigentleg uløyselege spørsmålet er knytt til islam og islamsk politisk idelogi, islamismen. Dette ser ikkje statsleiarane, eller dei vil ikkje sjå det. Om Trump ser det, veit eg ikkje, men han går på sett og vis rundt spørsmålet med sitt framlegg. Han vil flytta det muslimske folket i Gaza til andre muslimske land. Det vil nok Hamas setja seg imot, fordi det truleg vil redusera deira makt vesentleg.
Problemet med islam i denne samanhengen er at det er ein del av islamsk tru at islam stadig skal innta nytt land til heile verda er vunnen, både åndeleg og geografisk sett. Der islam ikkje råder, er det «krigens hus, og det skal erobrast og innlemmast i «fredens hus», og det må ofte skje ved krig. Difor er islam historisk sett omtalt som sverdets religion. I Midtausten kjem eit sterkt tilleggsmoment, som seier at der islam har hatt makta, er det ei plikt å vinna det området tilbake, om nødvendig med heilag krig. Israel er ei slikt området, og difor er ut frå islamsk lære, tenking og praksis ikkje mogleg med ei tostatsløysing. Det må vera ein stat – ein islamsk stat, ikkje ein jødisk
Om Trumps plan kan koma rundt alle problema og elementa i Midtausten, og særleg i Gaza, står det att å sjå. Han har i alle fall sett fram planar som utfordrar, og som tvingar statsleiarar og folk ellers til å tenkja nytt. Den støtta frå USA som mange land er avhengige av, gjer at land som Egypt, Jordan og Saudi-Arabia ikkje berre kan oversjå utspelet. Ein gjer truleg også klokt i ikkje å tolka det som ein driven forretningsmann sin strategi, men ta på alvor at det kjem frå ein handlingskraftig president i USA.
Johannes Kleppa