Når vi tenkjer på dei ti boda, er det lett at vi først og fremst tenkjer gjerningar, men også på ord og haldningar. Vi snakkar om å synda i tanke, ord og gjerning. Dette er rett, men det er fullt mogleg å synda i teologi, lære og forkynning også – og det skjer stadig, diverre. Vi står alle i fare for dette, men det er ei særleg freisting for oss som arbeider med lære og forkynning. Ubibelsk lære og forkynning er synd mot det første og andre bodet.
Den sanne Gud har openberra seg i Kristus, slik vi finn det i Skrifta. Det er slik Gud møter oss der, han er, og det er slik han har openberra seg, vi skal tilbe han. Det gjeld både slik Gud møter oss i lova og i evangeliet, i dom og i frelse. Den som lærer annleis om Gud enn slik han møter oss i Guds ord, har laga seg ein Gud i sitt eige bilete og tilbed denne. Det er i strid med det første bodet. Dette gjeld ikkje berre Guds person, men også Guds ord og gjerning.
Det er ikkje nok å framstilla noko som teologi eller lære for at det skal vera i samsvar med det første bodet. Teologi som er i strid med openberringa i Bibelen er synd mot det første bodet, fordi denne lærer falskt om Gud. Det gjeld også om det er teologar, prestar og biskopar som framset slik teologi – eller det er «vanlege» kristne i ulike samanhengar.
Det andre bodet seier at vi ikkje skal misbruka Guds namn. Det kan skje på fleire måtar, men det mest alvorlege er nok ved vranglære og ubibelsk forkynning som vert sett fram i Guds namn. Professor Aksel Valen-Sendstad gjer dette svært tydeleg i boka «Innføring i kristen etikk». Han minner om at bodet tek utgangspunkt i at Gud har openberra seg, slik at vi kjenner namnet hans. Bodet dreier seg om «anvendelse av Guds navn på falsk og uriktig måte», og han føyer til: «Slik sett rammer budet all falsk sverging, bannskap, forkynnelse, profeti, vitnesbyrd og lære (teologi) som bruker den treenige Guds navn på en måte som strider mot åpenbaringen og det Gud selv har sagt at hans navn skal brukes til.»
Det andre bodet gjeld altså på ein særleg måte teologi og forkynning som skjer i Guds namn, gjerne formulert i retning av at «kirken sier» eller «kirken lærer». Valen-Sendstad seier med rette om lære og forkynning i strid med det andre bodet: «Resultatet er at menighetene uthungres, mangler kristelig kunnskap og legges åndelig øde. Slik misbrukes Guds navn idet man forkynner menneskeverk og menneskeord istedenfor Guds Ord.» Og: «En slik forkynnelse og teologi ødelegger Guds menighet, skaper splittelse, forfører og etterlater alt gudsliv dødt.» Dette har vi sett mykje av dei siste ti-åra, ikkje minst når det gjeld kjønn og samliv. Anno 2025 er lære og forkynning i strid med openberringa truleg den største utfordringa den kristne kyrkja står overfor.
Vi må altså ha klart føre oss at ulik teologi, lære og forkynning, ikkje berre dreier seg om «ulike syn» eller «ulike meiningar». Når det som vert lært og forkynt er i strid med openberringa i Skrifta, er det synd både mot det første og det andre bodet. Dette må vi ta på alvor i møte med slik teologi. Det gjeld også i møte med, i vurdering av og i omtalen av dei som lærer og forkynner slik – særleg teologiske professorar, biskopar i Den norske kyrkja, pastorar i frikyrkjer og leiarar i kristne organisasjonar.
Dersom vi ikkje er utvetydig tydelege her, gjer vi oss medskuldige i brot på det første og andre bodet, altså dei boda som er fundamentet for resten av boda, og med det for alt som har med kristent liv å gjera. Vi kan ikkje møta og omtala brot med det første og andre bodet med ei form for forståing og velvilje, men med oppgjer og sann rettleiing.
Johannes Kleppa