Ateismen har ikkje berekraft

Rundt 2000-årskiftet kom det ei nyateistisk bølge i Vesten av ukjente dimensjonar historisk sett. Historisk har ateismen vore eit marginalt fenomen, men plutseleg fekk denne «ikkje-trua» vind i segla, merkeleg nok. Ateismen har oftast vore relativ passiv, men denne var aggressiv og misjonærande. Fleire framståande vitskapsmenn og kulturpersonlegdommar stod i brodden for nyateismen sin kamp, og med det fekk ateismen sterkt innslag i politikken.

I det siste har den eine etter den andre av desse nyateistiske kjempene trekt seg tilbake, og nokre har endatil slutta seg til kristen tru, anten som «kulturkristne» eller som overtydde kristne. Det er ikkje alltid like godt å få tak i kva som ligg i desse omvendte ateistane si tru, men det som i alle fall er tydelege, er at dei har gitt opp ateismen ut frå ei erkjenning av at denne ikkje har berekraft i seg for samfunnet eller for det personlege livet.

Det siste er nokså naturleg ut frå kristen tru og tenking. Ateismen er i strid med Gud som skapar og det at mennesket er skapt i Guds bilete. Ateismen er med det naturstridig. Alt som er imot skaparlovene og naturen vil over tid ikkje stå seg. Det undergrev seg sjølv, så sant vi ikkje har kome inn i den avsluttande tida der Antikrist stig fram, men også han vil lida nederlag mot Gud Den Allmektige.

For litt sidan kunne vi i Dagen lesa om ein kjent professor i historie, Niall Ferguson, at han no omtalte seg som ein fråfallen ateist. Han hadde konvertert til kristen tru, og vorte døypt saman med kona og deira to sønner. Kona hadde gått same vegen som mannen litt tidlegare

Ferguson seier at han gjekk gjennom to fasar med tanke på si omvending frå ateisme til kristen tru, og Dagen attgjev det slik:

«Den første av de to fasene han nevner, var at han som historiker kom til at intet samfunn med suksess hadde basert seg på ateisme.

– Alle forsøk på å gjøre det, hadde vært katastrofale, sier han

Den neste fasen var at intet individ fullt ut kan dannes eller bli etisk trygt uten religiøs tro.

– Den innsikten er kommet mer nylig og er født av erfaring som familie, sier han.»

Dette dreier seg ikkje om frelsesspørsmålet, men det er interessant med tanke på samfunnslivet og den personlege erfaringa. Det at ikkje noko samfunn har gjort suksess basert på ateisme, er eit tydeleg uttrykk for at ateismen ikkje har berekraft i seg. Ateismen er ein tom idé, og med det er ateismen utan positiv åndskraft. Derimot er ateismen berar av negativ åndskraft ved at det er eit livssyn eller ein ideologi som held folk borte frå kristen tru. Det er eit arbeidsreiskap for djevelen til å forføra folk. Når ein går ateismen etter i saumane ut frå prinsippet om å vurdera treet ut frå fruktene, ser ein det falske og destruktive.

Også oppdaginga av at eit individ ikkje kan gjerast etisk trygg på basis av ateismen, er tankevekkande og i samsvar med kristen tenking. Etikken ligg i Gud, og i den openberringa han har gjeve oss av seg sjølv og sin vilje. Slik openberring har vi langt på veg i det vi kallar den naturlege openberringa, altså at vi kan slutta oss fram til dette via fornufta, samvitet, naturen og historia. Alle som konsekvent vil prøva å byggja ein absolutt og normativ etikk, altså ein etikk som er uavhengig av tida, på ateistiske premiss, vil måtta erkjenna at det ikkje går. Det vert ikkje nok etisk fast haldepunkt i livet, og med det vert ein utrygg.

Som sagt, er det ikkje alltid like lett å vita kva som ligg i nyateistar og andre sterkt kristendomskritiske vitskapsfolk og kulturpersonlegdomar si konvertering til kristen tru, særleg ikkje med tanke på frelsesspørsmålet. Det som uansett er interessant og tankevekkande, er erkjenninga av kva kristen tru har å seia for samfunnet og etisk sett på det individuelle planet. Det fell saman med kristen skapingslære.

Johannes Kleppa