Hyggelege folk og åndeleg rettleiing

Folk flest er stort sett hyggelege, i alle fall opplever eg det slik. Det gjeld stort sett anten ein er samd med dei eller ikkje. Det gjeld også folk i Den norske kyrkja (Dnk), inkludert biskopane. Det at folk er hyggelege, betyr likevel ikkje at dei rettleier rett, og då må vi ikkje la det hyggelege overstyra den kritiske sansen i vurderingane. Eg stussar stadig på måten liberale biskopar og andre liberale leiarar i Dnk vert presenterte og omtalte på frå teologisk konservativt hald.

Det har vore så stor utskifting i bispekollegiet og leiarskapet i Dnk at eg knapt kjenner nokon av dei. Den tida eg var redaktør i Dagen, var eg fast på Kyrkjemøtet og då visste eg kven alle biskopane og andre leiarar var, og ein del av dei kjente eg rimeleg bra. Alle var hyggeleg, og vi delte gjerne bordfelleskap og snakka saman om mange ting. Då måtte ein vera seg svært medviten i den teologiske og åndeleg vurderinga, slik at kjennskap og hyggeleg omgang ikkje overstyrte den teologiske og åndelege rettleiinga.

Det er lett gjort at når ein framhevar positive sider ved folk, får det slik vekt at det teologisk problematiske eller forførande ikkje kjem tydeleg fram og får nok vekt. Det er også lett gjort at folk sin teologisk konservative bakgrunn vert trekt fram på ein slik måte at den liberalteologiske ståstaden dei no har, ikkje vert tydeleg. Ei konservativ fortid hjelper ikkje mot ei liberal notid. Tvert imot kan det gje ekstra inngang for dagens ståstad, og med det medverka til åndeleg forføring.

Det som også undrar meg, er at det skal lite til av teologisk og åndeleg positive utsagn, før vedkomande vert omtalt som etter måten konservativ, eller i det minste som åndeleg brubyggjar. Det kan gjelda standpunkt og forkynning som for få år sidan ville vorte rekna som klart liberal og bibelkritisk. Dette gjeld også der vedkomande på det menneskelege planet kan gje uttrykk for rette og gode tankar og vurderingar, men som altså ikkje høyrer til det som gjeld frelse og kristent liv. Til tider blandar ein saman det menneskeleg og det åndelege, slik at det vert åndeleg uklart eller villeiande. Eller at det menneskelege gjev autoritet og tillit på det åndelege planet, utan at det er sakleg grunnlag for det.

Eg synest det eg her har reflektert rundt, særleg har kome til uttrykk ved intervju av og kommentarar vedrørande nye biskopar og andre kyrkjeleiarar. Intervju og kommentarar er så velvillig innstilte til sjølve personen at det kritisk-analyserande av kva vedkomande står for teologiske og kva konsekvensar det har, vert for svakt og til tid tilslørande. Den åndelege rettleiinga vert uklar. Det er bra å vera både velvillig og vennleg, men det må ikkje hindra tydeleg markering mot og oppgjer med liberal og bibelkritisk teologi og åndeleg forførande tenking og forkynning. Det bibelske idealet er å vera sanninga tru i kjærleik.

Generelt synest eg ein frå teologisk konservativt og bibeltru hald, ikkje tek nok på alvor eller løftar nok fram dei negative konsekvensane utviklinga i Dnk har både i folket generelt og i kristenfolket spesielt. Ein ser på historia og kontaktflata, men undervurderer korleis  det fungerer i dag. Ein legg også for sterk vekt på den positive situasjonen som er i visse kyrkjelydar, halde saman med den negative situasjonen totalt sett. Dessutan fryktar eg at det heller ikkje på lokalplanet er så positiv som ein vil ha det til, fordi alle må fungera innafor den ramma som  Bispemøtet og Kyrkjeråde set. Det er noko som heiter frukter og surdeigseffekt.

Johannes Kleppa