Ei spesiell helg på Centro Sarepta

Det er i og for seg mange spesielle dagar og helger på Centro Sarepta, men eg synest den som har starta i det eg skriv desse linene, er ekstra spesiell. Det er heilt fullt på huset. Vi er i overkant av 50 menneske. Det har vi vore før, men vel 40 av desse ha ein bakgrunn som gjer at det er spesielt at dei er her.

Det er kvinner og born i ulike aldrar, og dei har det felles at dei aller fleste er muslimar eller i det minste har muslimsk bakgrunn og tilknytting. Dei har også det felles at dei er i ein vanskeleg livssituasjon. Dei er ikkje her på ein kristen leir eller weekend, men det er å vona at opphaldet kan vera som ein oase for dei, og at dei kan få eit glimt av eit kristent vitnemål.

Det er ikkje eit opplegg som Sarepta arrangerer, men vi har stilt senteret til disposisjon og legg til rette for det ytre og praktiske. Med det får vi bruka senteret på ein god måte. Dessutan deltek våre diakonale medarbeidarar og volontørane med opplegg og aktivitetar for borna. Eg vil seia at det som skjer denne helga, er midt i kjernen av det er som er tanken med Centro Sarepta, og det kallar på forbønn.

Dei som har fylgt litt med på heimesida til Sarepta og lese litt i Sareptanytt, veit at vi prøver å få til litt diakonalt arbeid, både fordi det å hjelpa folk er viktig og fordi det kan vera ein døropnar for evangeliet. Vi gjer litt i eigen regi, men vi prøver også å vera ei støtte for andre. Vi prøver i denne samanhengen å støtta eit arbeid i Alicante, som ei ivrig og raus dame med namn Sylvia driv. Ho hjelper særleg åleinemødre og kvinner som har kome i ein utsett situasjon i forhold til sin mann. Det gjeld ikkje minst kvinner i muslimsk samanheng, og deira born.

Det er Sylvia som har teke med ein flokk av desse til Centro Sarepta denne helga. Det har også tidlegare vore nokre, men denne gongen er dei fleire og lengre. Det å koma avside på denne måten i trygge rammer kan bety mykje for dei. Her er dei ikkje overvaka av andre frå det muslimske miljøet, og her får dei både rom og mat. Dei kan prate fritt saman, og dei kan får opplæring på ulike måtar.

Anten du er aktiv muslim eller har muslimsk bakgrunn og tilknytting er ofte forholdet til kristen tru og kristne symbol problematisk eller utfordrande. Det må vi ta omsyn til for ikkje å skuva dei frå oss, men nå dei med kjærleik og varm – og ved det eller i neste omgang med Guds kjærleik og evangeliet. Paulus skriv om å vera jøde for jødar, og heidning for heidninar, og vi kan i denne samanhengen føya til «muslim for muslimar» – når vi forstår det rett.

Eg har ingen funksjon under denne samlinga, bortsett frå å prøva å vera hyggeleg og postiv, slik at eg ser folk og seier «hola» til dei, syter for at det er vatn å drikka og ellers er ryddig og fint. Eg er berre her, og så prøver eg å sukka litt til Herren for våre muslimske gjester og dei kristne som er med dei. Eg synest rett og slett det er stort å få vera til stades denne helga, sjølv om eg av plassomsyn er plassert på eit lite krypinn og ikkje har nemnande oppgåver! Eg har inntrykk av at alle andre på senteret også stiller litt ekstra opp denne helga!

Johannes Kleppa

FOTO: Illustrasjonsfoto fra en annen leir