Julehelg og materialisme er motsette storleikar. Dei har ideelt sett ikkje noko med kvarandre å gjera. Julehelga er ikkje materialismen si høgtid, tvert imot. Julehelga er gåvehelga. Det starta med at Gud gav oss menneske den største gåva det var mogleg å gje. Han gav oss Sonen sin til frelse. Det heldt fram med at vismennene frå Austen kom med gåver til det vesle Jesus-barnet, og det held så fram med at vi gjev gåver til kvarandre. Gåver er godt!
Likevel har det vorte ei kopling mellom jul og materialisme. Det er i stor grad kommersialismen som råder i desember. Materialismen har i stor grad teke fokuset bort frå innhaldet og bodskapen i julehøgtida, diverre. Dette har vi lett for å verta fanga inn av alle. Det gode og fine med fest og gåver, går lett over i det overdådige. Poenget med det eg her skriv, er ikkje å vera moralistisk med tanke på julefeiringa, men minna om den åndsmakta som ligg i materialismen.
Vi går i desse dagar inn i adventstida, ei tid som skal førebu oss på julehelga, og då på kva vi feirar i jula. Det sjølvmotseiande er at vi i det siste har fått ei materialistisk innleiing til advent, nemleg Black Friday. Det er ein dag for shopping som har kome frå USA, ein handledag som set materialismen i fokus ved inngangen til advent. Rett nok kan ein gjera mange gode kjøp denne dagen, men det er like fullt kommersialismen og materialismen sin dag.
Materialismen er truleg den sterkast åndsmakta vi har i det norske samfunnet i dag. Det store problemet er at dette er ei åndsmakt som vi lite legg merke til, og som med det er vanskeleg å avsløra og førehalda seg til. Det er ei åndsmakt som har sitt utgangspunkt i noko rettkome, ved at vi alle er avhengig av det materielle. Materialismen har med det sitt opphav i noko som er rett og godt, og materialismen kan med det spela på våre behov og på det naturlege.
Det materielle er i utgangspunktet godt, fordi det er skapt av Gud, men etter syndefallet misbrukar mennesket til stadig det gode til noko vondt. Guds gode skapargoder får ein plass og posisjon dei ikkje skal ha. I Rom 1 talar Paulus om at skapningen tek plassen til Skaparen. Mennesket får feil fokus, feil verdimålar og feil kurs i livet. Det heile dreg bort frå Gud og frå det evige.
Materialismen er ei åndsmakt ved at mennesket vert oppteke med å skaffa seg mest mogleg materielle verdiar, altså materielle verdiar langt ut over det ein treng til livets opphald. I og for seg er det ikkje mengda materielle verdiar som er problemet, men konsentrasjonen om det og dragningen mot det.
Det neste er at når ein har skaffa seg mykje materielt, må ein bruka det. Då kjem bruken i fokus. Det krev tid og prioritering. Materialismen gjer med det mennesket jordvendt, framfor himmelvendt. Materialismen vender blikket nedover, framfor oppover. Det materielle og bruken av dette tek Guds plass. Materialismen armar ut trua og gjer mennesket åndeleg veikt. I staden for å søkja det Ordet og den kristne forsamlinga kan gje, søkjer ein det som det materielle og det jordiske kan gje. Nestekjærleiken taper, og egoismen vinn. Den kristne forsamlinga taper, og sjølvlivet vinn.
I og for seg er det altså ikkje det materielle som er problemet, men haldninga vår til det og bruken av det. Det er kjærleiken som har fått feil fokus. Kjærleiken har flytta frå å elska Gud og sin neste, til å elska seg sjølv og det materielle. Slik har materialismen på ein snikande måte vorte ei åndsmakt som dreg bort frå Gud. Adventstida og julehelga bør vera tider som vender oss frå materialismen og til Gud og til hans store gåve i Kristus Jesus.
Johannes Kleppa