Den siste veka har Asbjørn Barlaup undervist på Centro Sarepta om misjon blant katolikkar. Det er eit svært aktuelt tema for Sarepta, sidan målgruppa for ein stor del er katolikkar i Spania. Barlaup har dessutan erfaring frå arbeid blant katolikkar i Bolivia, og han har vore med i styret for Sarepta like frå starten, og er det framleis.
Eg har ikkje fylgt undervisninga heile veka, men han har gått gjennom kva lutheranarar og katolikkar er samde om, og kva som skil dei, og med det kor utfordringa i arbeidet for forkynninga ligg. Det eg her vil fokusera på, er det Barlaup sa om strategi for dette arbeidet. Det var sikkert litt annleis enn dei fleste ville ha tenkt. Han hadde ikkje ei lang rekke med praktiske eller pedagogiske opplegg, men han fokusert i alle hovudsak på det kristne livet, å leva rett og godt med Gud, og på bønn.
Vi kan lett fokusera så sterkt på det ytre og praktisk at vi gløymer det åndelege, det som gjeld livet og åndskrafta. Er det noko djevelen vil hindra oss i når det gjeld misjonsarbeidet, er det bønn. Då kan vi få eit arbeid som er meir som eit maskineri, enn det er liv. Arbeidet blant katolikkar er slik sett ikkje annleis enn arbeid mellom folk med anna tru eller utan tru. Det heile kviler på ånd og kraft, på Ordet og bønna.
Det er svært mange døme frå misjons- og vekkingshistoria på kva bønn har betydd. Samstundes er det slik at i det daglege misjonsarbeidet er det så mangt og mykje som skal gjerast, at bønna kan koma i bakgrunnen. Bønn er ikkje noko på sida av eller i tillegg til det øvrige arbeidet. Bønn er misjonsarbeid.
Det er med ande ord knapt noko som strategisk sett er viktigare og meir målretta enn bønn. Når bønn går saman med forkynning, undervisning og diakoni, kan Gud få gjera sin gjerning. For apostlane var det slik at dei vart fritekne frå praktiske oppgåver for at dei skulle få konsentrera seg om Ordet og bønna. Det gjev eit signal om korleis også vi bør tenkja, prioritera og arbeida.
Det som vart sagt om bønn som det mest sentrale strategisk sett for misjon blant katolikkar, var i og for seg ikkje noko nytt. Samstundes slo det meg kor sant det er, og kor viktig det er å prioritera ut frå det. Difor ville eg kort og godt minna om dette i dag. Eg skriv dette medan Sarepta har rådsmøte på Centro Sarepta med tanke på alle deler av Sarepta sitt arbeid, både i Noreg og Spania, og i den samanhengen er det ekstra viktig å minna om bønn – og kalla til bønn!
Johannes Kleppa