Litt om katolsk og luthersk

Det har vore ei påfallande endring i løpet av få år når det gjeld haldninga til forholdet mellom katolsk og luthersk kristendomsforståing. Avstanden på det praktiske og personlege planet har vorte langt mindre enn før, sjølv om det ikkje er endring i lære eller konfesjonell posisjon. Eg har tidlegare skrive om dette og vist grunnar til at det er slik. Eg har også peika på at det i felleskyrkelege lærepunkt og i etiske spørsmål kan vera bra, fordi det frå katolsk (og ortodokst hald) i slike spørsmål vert talt langt meir i samsvar med Skrifta enn det som kjem frå Den norske kyrkja og Menighetsfakultetet.

Dette må likevel ikkje overskygga det som går på trus- og lærespørsmål generelt, særleg knytt til dei reformatoriske prinsippa om Skrifta åleine, Kristus og nåden åleine, trua åleine og det allmenne prestedømet. I kristne media, ikkje minst i Dagen, les vi stadig artiklar skrivne av katolikkar, og dette er ofte gode og aktuelle analysar og vurderingar. Vi les også ofte reportasjar av redaksjonell karakter frå ulike katolske samanhengar eller intervju med katolikkar. Slike reportasjar er stort sett utan kritiske spørsmål eller problemstillingar som får fram avstanden mellom katolsk og evangelisk kristendomsforståing. Dette ligg til ei viss grad i den journalistiske sjangeren, særleg når det gjeld person- eller portrettintervju.

Vi sit ofte att med eit inntrykk av at det er lite eller ingen forskjell mellom luthersk og katolsk lære og kristendomsoppfatning. Derimot kan det til tider koma nokså tydeleg fram at det er stor forskjell mellom Den norske kyrkja sin liberalteologiske og bibelkritiske profil og den katolske kyrkja si faste og absolutte lære. Det siste er nok rett, men det seier lite om forholdet mellom katolsk og luthersk lære konfesjonelt sett. Dei lutherske vedkjenningsskriftene er framleis dei vi fekk ved reformasjonen, og dei som held fast på desse i lære og forkynning, står for det same som lutherdommen alltid har stått for. På same måten står den katolske kyrkja for det same som reformatorane med Martin Luther i spissen tok oppgjer med på 1500-talet. Det har berre vore marginale nyanseringer, men ikkje på noko vesentleg punkt og ikkje i meir evangelisk retning. Skrifta og tradisjonen ligg fast.

Rett nok er det slik at den katolske kyrkja kan ha litt ulik profil frå land til land, men det er innan ei felles lære. Her på berget legg nok mange leiande katolikkar vekt på ei meir tankemessig og akademisk tilrettelegging enn til dømes det meir folkeleg i Latin-Amerika. I Spania, som eg kjenner litt til, har jomfru Maria ein svært sterk posisjon. Eg trur ikkje ein gjer spanske katolikkar urett om ein seier at det er ei form for Maria-dyrking, som går ut over den offisielle læra om Maria.

Nokre her i landet som har vore medvitne lutheranarar av høgkyrkjeleg type, ber sikkert med seg meir av lutherdommen i tanke og tilbeding enn det som ligg i katolsk lære, men eg er samstundes forundra over kor raskt dei tilpassar seg det nye. At ein nykonvertert frå lutherdommen ikkje har problem med å venda seg til Maria og be om hennar forbønn framfor Faderen og Sonen, synest eg er merkeleg. I enda større grad gjeld det den ublodige gjentakinga av Jesu offerdød i eukaristien. Det same gjeld forståinga av nåden primært som kraft. For ein del ser eg at kyrkje- og embetssynet og liturgien fell nokså saumlaust på plass.

Det er mange lærepunkt ein kunne henta framheva i denne samanhengen, men med tanke på luthersk kristendomsforståing vil eg framheva nokre få punkt. Det første er læreprinsippet om Skrifta åleine, som sikrar at ein ikkje kan koma opp med lærepunkt som ikkje har basis i Guds ord i Bibelen, altså at ein utanombibelsk tradisjon kan gje lære. Det andre er at nåden er uttrykk for Guds haldning og gåve til oss i Kristus Jesus, og ikkje ei kraft til hjelp for mennesket og trua. Det tredje er at trua er tillit til Guds nåde i Kristus, og ikkje ber i seg gjerningar i form av trua si verksemd i kjærleik.

Dette fører direkte inn i rettferdiggjeringa, og at denne er noko anna enn heilaggjeringa og det kristne livet. Den evangeliske rettferdiggjeringslæra seier at vi ved trua vert erklærte reine og rettferdige for Gud her og no, slik at vi alt no er himmelen verdige, og ikkje treng noko meir rettferdiggjering eller helging etter døden. Vi eig alt i Kristus, forsoninga og syndstilgjevinga.

For meg står det slik at forskjellen mellom luthersk og katolsk lære kan aktualiserast i eitt punkt, særleg når det gjeld trua og frelsa: Skjærselden. Så lenge den katolske kyrkja treng skjærselden etter døden for å reinsa frå det som heng att av synd frå livet, er vegen til luthersk eller evangelisk rettferdiggjeringslære uoverstigeleg. Overser eller nedtonar ein dette, har ein undergrave det lærepunktet som Luther sa at kyrkja stod og fall med.

Johannes Kleppa