Det er gamal visdom at skal ein vinna ein krig, må ein kjempa der kampen står. Slik er det også i åndskampen. Det er mange kampavsnitt å kjempa på, men ein lurer seg sjølv om ein trekkjer seg unna der kampen er hardast, og prioriterer område kampen er mindre hard og der fleire vil delta. Dette var eit viktig moment for Martin Luther og det var som eit mantra for Dagens etter kvart legendarisk redaktør Arthur Berg. Sviktar ein der angrepa mot kristentrua for tida er sterkast, sviktar ein i realitet heile kampen for kristentrua.
Sidan det er mange område der det står kamp om kristen tru og tenking og med det er mange kampområde, vil det heilt sikkert oppstå usemje om kor innsatsen mest må setjast inn. Ofte vil den usemja ha sin grunn i ulikt bibelsyn og ulik teologisk grunnhalding. Det ser vi i dagens situasjon svært tydeleg i spørsmålet om kjønn, seksualitet og samliv, jfr. reaksjonane frå Den norkse kyrkje sitt bibelkritiske og liberalteologiske leiarskap på felleserklæringa om kjønn og samliv.
Ulik vurdering av situasjonen har likevel ikkje alltid med ulik bibelsk forplikting og ulik teologisk posisjon å gjera, men ulik vurdering av alvoret i saka eller ulik vurdering av kva som høyrer til under det åndelege og det verdslege regimente. Døme på dette kan vera klimasaka og spørsmål om forvaltning. Andre gonger kan konfesjonelle spørsmål spela inn. Av grunnar som dette, er det ikkje alltid lett å få brei tilslutning til ei erklæring, eit opprop eller eit tverrkyrkjeleg og felleskristent engasjement. Når det likevel til tider skjer, er det grunn til å leggja merke til det og bruka det maksimalt aktivt i åndskampen.
Om vi ser historisk på dette, er kampen mot nazismen og nasjonalsosialismen under andre verdskrigen, og med det kampen mot det menneskesynet som låg til grunn for denne ideologien, nok det sterkaste vi har. Vi kallar det gjerne «kyrkjekampen», og tenkjer lett at det var Den norske kyrkja (Dnk) sin kamp, fordi biskopane og prestane hadde sentrale posisjonar i denne samanhengen. Det er rett at Dnk stod sentralt i kyrkjekampen, men alt som fanst av frivillige kristne organisasjonar og frikyrkjer av alle slag, slutta seg til og stod med i kampen. Det var ein felleskyrkjeleg ånds- og kyrkjekamp.
Mykje av åndskampen i dag står også om menneskesynet, og då særleg om ekteskapet, familien og barnet og framtida for barnet. Det dreier seg om forståinga av kjønn, seksualitet og samliv. Dette er fundamentale spørsmål for individet, familien og samfunnet. I teologien, kulturen, skulen og i samfunnet generelt er det her det store slaget i åndsverda står for tida – saman med kampen for det ufødde livet. Det dreier seg om spørsmål av fundamental karakter, det er kamp om skaparverket og Guds skaparvilje, og med det er det i neste omgang også kamp om frelsa og Guds frelsesvilje. I ein slik situasjon må ein ikkje problematisera ei felleserklæring med at det er så mykje ein kunne og burde uttalt seg om, men som ein ikkje gjer. Det dreier seg altså om ein avgjerande kamp på eit svært sentralt område for land og folk.
Medan biskopane gjekk i brodden i kyrkje- og åndskampen under siste verdskrigen, har dei no ikkje berre trekt seg unna kampen og plassert seg på sidelina, men med preses i spissen har dei engasjert seg sterkt på feil side i kampen. Det er nesten ikkje til å tru at det kan vera slik, men vi må berre erkjenna at den teologiske og åndelege situasjonen er slik i Dnk. Då er det di meir oppmuntrande at breidda av norsk kristenliv elles stiller seg i samla front på Guds ords og naturrettens, biologiens og naturens side. I skrivande stund er det ca 50 ulike kyrkjesamfunn og organisasjonar, av smått og stort, som har slutta seg til erklæring.
Totaliteten i erklæringa er svært god, både dagsaktuelt og bibelsk sett. Det same gjeld måten standpunkta er formulerte på. Samstundes er det sikkert einkvan av underskrivarane som på einskilde punkt gjerne ville ha formulert seg litt annleis eller teke med noko meir. Det er å merka seg at Den katolske kyrkja har sett saka så viktig at dei er med på erklæringa sjølv om ho ikkje omtalar ekteskapet som sakrament. Det fortener honnør. Nokre gonger må ein sjå bort frå særoppfatningar for å gje det felleskyrkjelege styrke. Så er det å vona at erklæringa må ha ein surdeigseffekt i kyrkje og samfunn.
Johannes Kleppa