Kristen felleserklæring om kjønn og samliv

Det er ei kjent sak at det i løpet av uhyre kort tid i Vesten har vokse fram ei ny forståing av kjønn og samliv, og her i landet er vi i front på dette området. Det er altså ei ny forståing både når vi ser historisk, teologisk, filosofisk, kulturelt og samfunnsmessig på det. Like fullt har det nesten over natta vorte slik at den nye forståinga vert framstilt og forstått som sjølvsagt, allmenn og forpliktande. Det har skjedd det vi kallar eit paradigmeskifte både i den rådande teologien og i samfunnet.

Dette har kome svært tydeleg til uttrykk i reaksjonane som har kome på ei felleskristen erklæring om kjønn og samliv. Bak denne felleserklæringa står nesten alt som finst av kristne organisasjonar, kyrkjesamfunn og andre kristne institusjonar og tiltak i landet vårt, bort sett frå Den norske kyrkje (Dnk) – sjølv om det også er folk frå Dnk som er medunderskrivarar. Det er både store og små, kjende og ukjende kristne samanhengar som har slutta seg til erklæringa. Også Misjon Sarepta har gjort det. Det er relativt sjeldan Sarepta er med på fellesuttalar, men i dette tilfellet var det nokså sjølvsagt. Det ville vore langt meir påfallande om ein ikkje var med, enn at ein er med.

Det dreier seg altså om felleskristeleg tankegods som er formulert og vert fremja i erklæringa. Det er felleskyrkjeleg både når ein ser på breidda i kyrkjelandskapet og det er felleskyrkjeleg når ein ser det i historisk perspektiv. Erklæringa forkynner altså det som til alle tider har vorte forkynt og lært om dette i alle kristne samanhengar. Innhaldet er slik sett kristent sett sjølvsagt og burde kristent sett vore udiskutabelt. Den åndelege situasjonen i landet og den teologiske situasjonen i Dnk og ved MF viser like fullt at slik er det ikkje.

Felleserklæringa frontkolliderer med regjeringa sin politikk og med det som generelt er rådande i politikken. Dette har fått kulturministeren til å reagera sterkt, og med uttalar som ikkje høyrer ein statsråd til. Ho hevdar at det som felleserklæringa, altså det som er felles kristen lære og tankegods, høyrer fortida til, det er ein avslutta debatt. Ho seier med det at klassisk kristen tenking ikkje lengre høyrer heime i det norske samfunnet. Dette er ideologisk overformynderi av ein sort som ikkje høyrer heime i eit demokratisk samfunnet. Det er åndsdiktaturet sin stemme som her lyder. Det synest likevel ikkje å vera nemnande politisk opposisjon til hennar tankar, og det avspeglar nok den faktiske ideologiske situasjonen i landet.

Det som er enda meir påfallande og alarmerande, er preses i Dnk sine synspunkt. Han avfeier heile erklæringa med at kjønn har kyrkja ikkje noko med å uttala seg om, og at det er ikkje er berekraft i bibeltekstane for det som erklæringa lærer – sjølv altså om det som her står, er slik kyrkja til alle tider har tolka dei aktuelle bibeltekstane. Han vonar difor at ingen innan Dnk sluttar seg til erklæringa. Med det har den fremste talsmannen for Dnk si lære plassert Dnk utafor det felleskristlege, både dagsaktuelt og historisk. Det er liberalteologisk einsretting av Dnk, trass i honnørord om inkludering og ein teori om to likestilt syn i homofilispørsmålet. Det alle kristne til alle tider har stått saman om, avfeier preses på vegner av Dnk med eit pennestrøk. Midt i det åndelege alvoret i saka, er det nesten som ein må le av den teologiske naiviteten.

Midt i den teologiske forvirringa og det åndelege mørket er denne felleskristne erklæringa eit stort lyspunkt, og som eit fyrtårn å sigla etter. Innhaldet i erklæringa og breidda bak henne kan vera ei hjelp til fleire kristne samanhengar til å halda fast på og fremja bibelsk lære om kjønn og samliv, til beste for individ, familiar og samfunn. Erklæringa har ein bibelsk substans og ein profetisk funksjon som gjer at ho vil stå seg historisk, til forskjell frå kulturministeren og preses sine overflatiske og tidsåndtilpassa uttalar.

Johannes Kleppa