Gud har kontrollen

«Når sykdom rammer og vanskelige dager kommer, er det alltid Gud som står bak og styrer. Med vår menneskelige fornuft er det vanskelig å finne forklaring på eller god grunn til det som skjer. Men Gud vet alltid best. Han står bak og styrer alt etter sin gode vilje.» ….. «Gud gir oss sykdom   og han tar liv når han ser det er til det beste for oss.»

Slik står det i ei lærebok ved ein kristen friskule. Det vert framstilt som at skulen underviser om Guds straff, men det står ingen ting om straff her – sjølv om den siste setninga kan mistydast.

Ein professor i teologi seier dette er både pedagogisk og teologisk uhaldbart, medan det i realiteten berre er uttrykk for klassisk kristen tenking. Det som står i desse setningane, er at Gud styrer og har kontrollen, også over sjukdom og død. Vi forstår ikkje alltid Guds styring og handlemåte, men vi har tillit til at Gud handlar i kjærleik. Dette er det svært viktig å halda fast på, eller så dreg vi grunnen bort under føtene våre.

Dersom vi ikkje held fast på at Gud styrer i alt, at han alltid har kontrollen og at han handlar med Guds barn ut frå sin kjærleik, kven er det i så fall vi overlet styringa og kontroll til, og kva haldning er det då som ligg til grunn for det som skjer?

Skal vi tenkja at det heile er tilfeldig, slik som evolusjonslæra seier? Då vert vi utan både kjærleik, omsorg og von. Alt skjer utan mål, meining og von.

Eller skal vi seia at det er mennesket sjølv om styrer, også med sjukdom og død? Då ville vi vera heilt hjelpelause og fortapte. Sjølv om legevitskapen har kome langt, styrer ikkje mennesket med sjuksdom, den rammar personleg og som pandemi – og vi styrer enda mindre med døden, den kjem til alle.

Eller skal vi seia at sjukdom og alt som er vondt kjem frå djevelen? Frå ei side sett er det rett, med tanke på at sjukdom og død, vondskap og liding, kom inn i verda ved syndefallet i det Satan fekk Adam og Eva til å handla mot Guds vilje. Derimot vert det feil om vi fører sjukdom, død og anna som er vondt i det personlege livet direkte tilbake til Satan. Då gjev vi djevelen for mykje makt, og vi plasserer oss sjølve utafor Guds vern og omsorg på sentrale område i livet. Det vil vera ein frykteleg sitasjon, faktisk demonisk.

Det er mykje vi ikkje forstår med Guds handlemåte, særleg når det gjeld vanskeleg ting på det personlege planet, men også i den store styringa av verda. Det kallar vi Guds skjulte råd og fører det tilbake til den skjulte Gud, altså at Gud ikkje har openberra det for oss. Det som bergar oss i denne situasjonen, er den openberringa Gud har gitt av seg sjølv i Skrifta, og då særleg frelsesopenberring på Golgata. Her viser Gud oss ufattleg kjærleik og omsorg, og viser at han gjev alt for å gjera det aller beste mot oss – frelsa oss frå synda og djevelen inn i sitt fullkomne og evige rike. Gud er den same og har den same haldninga til oss når han handlar med oss på måtar vi ikkje forstår. Det er ikkje vår forståing og fornuft som er poenget, men Gud og hans vesen og vilje.

Vi treng altså ikkje forstå alle ting, men vi treng tillit til Gud, ein tillit som overgjev oss i Guds hender fordi vi veit at han vil oss det aller beste. Det garanterer Jesu naglemerka hender for. Det kombinerer vi med at Gud har all makt i himmelen og på jorda, slik at vi slepp å ha kontrollen sjølv og slik at djevelen ikkje får kontrollen.

Vi må passa oss for å gjera oss sjølve eller andre ansvarleg for eigen sjukdom, om vi ser bort frå livsstilsjukdomar. Det vil føra til fortviling og kaos i livet. Vi får la det heile liggja i Guds hand, slik Jesus lærer oss at det ikkje fell ein fugl til jorda utan Gud. Det store eksemplet i Bibelen på dette er Job. Han forstod ikkje kvifor han vart ramma av ulukke og sjukdom, og Gud gav han heller ikkje svar på det. Derimot viste Gud ut frå skaparverket at han har kontrollen med alt, og då også det som skjer i den einskilde sitt liv. Det skal vi ikkje problematisera, men takka Gud for!

Johannes Kleppa